Arbeidsgivarkonferansen styrker forhandlingskompetansen for arbeidsgivarar

Forhandlingsteknikk, lokalt handlingsrom, ei leiarrolle i endring og inkludering i staten står på programmet når Arbeidsgivarkonferansen i staten vert arrangert neste veke.

18. og 19. september er det duka for den arbeidsgivarkonferansen i staten. Konferansen er for personalansvarlege i statlege verksemder, men her kan du sjå kva slags tema konferansen tek opp.

 Arbeidsgivarkonferansen, som vert halden i Oslo, vier i år ein heil dag til å styrkje forhandlingskompetansen hjå statlege arbeidsgivarar før dei lokale lønsforhandlingane. HR-sjef Ole Iversen, Forsvarsmateriell, PhD og førsteamanuensis II ved Handelshøyskolen BI har den faglege leiinga.

Sjå programmet for arbeidsgivarkonferansen i staten

Arbeidsgivarrolle i rivande utvikling

Den statlege arbeidsgivarrolla er i sterk utvikling, og konferansen ønskjer å gjenspegle dette. Spørsmål som vert diskutert på konferansen er til dømes korleis staten vidare kan utvikle arbeidsgivarrolla, kor behova er størst og kor leiaren står oppi det heile.

Kva slags kompetanse har leiarane av i dag, og kva må dei kunne for å få til omstilling framover?

Klar for forhandlingar?

Konferansen er i år også praktisk retta. Heile andre dag er sett av til å auke leiaranes forhandlingskompetanse inn mot lokale lønsforhandlingane som er like rundt hjørnet. Praktisk forhandlingsteknikk blir eit stort tema på dag nummer to. Dette er eit tema som har vore etterspurt av fleire leiarar.

Konferansen tek sjølvsagt også opp inkluderingsdugnaden som er i full gong. Vegevesenet vil dele erfaringane sine med å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne.

Medråderett for framtida

Ei stor del av samarbeidet i staten er tufta på hovudavtalen. Denne vert reforhandla til neste år, og spørsmålet er  korleis den nye hovudavtalen skal bli eit godt reiskap for medråderett i framtida.

Leiar for LO Stat, Egil André Aas, Pål Arnesen i YS stat, Akademikaranes leiar Anders Kvam og leiar for Unio, Petter Aaslestad kjem for å debattere, saman med Mari Trommald, , leiar for Arbeidsgivarrådet og personaldirektøren i staten, Gisle Norheim.

Vér med og gi innspel opp mot forhandlingane om den nye hovudavtalen:

 

Publisert: 12. sep 2018, Sist endra: 14. sep 2018

Sharethis