Feriepengar

Feriepengar vert opptent i året før ferien skal avviklast.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 07. okt 2019

I staten skil vi mellom ferie med løn og ferie utan løn.

Som arbeidsgivar må du passe på at arbeidstakaren tar ut ferie. Du kan ikkje utbetale feriepengar for ferie som ikkje er avvikla i ferieåret.

Særavtale om ferie

Særavtalen gjeld frå 1. januar 2018 til og med 31. desember 2020.

Alle har rett til å ta ut ferie i kalenderåret. Men arbeidstakar kan velje om han eller ho vil ta ut ferie om personen berre har rett på ferie utan løn. 

Kor mange feriedagar med løn ein tilsett kan ta ut, er avhengig av kor mykje feriepengar som vart opptent kalenderåret før.

Summen av ferie, med og utan lønn, er 25 feriedagar viss du er under 60 år. Frå det året du fyller 60 år, har du rett til 30 feriedagar.

Alle kan overføre inntil 14 feriedagar til neste år om arbeidsgivar og arbeidstakar er samde. Dette skal avtalast skriftleg mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

Slik vert feriepengane rekna ut

Feriepengar vert rekna ut av all arbeidsinntekt som er utbetalt i oppteningsåret (året før rekna frå 1.januar).

Har arbeidstakar vore tilsett berre delar av kalenderåret, vert feriepengegrunnlaget redusert tilsvarande.

Bonus og provisjonsbasert lønn skal vere med i utrekninga av feriepengar. Reiseutgifter er ikkje ein del av feriepengegrunnlaget.

Ny ordning frå 2018

Frå og med 2018 vert feriepengar berekna ut frå feriepengegrunnlag etter ferielova og ikkje månadslønn og feriepengetillegg.

For meir informasjon, sjå særavtale for ferie for statstilsette §3 (Statens personalhandbok)

Feriepengar vert ubetalt i juni

Feriepengar som er opptent hos arbeidsgivar i det føregåande kalenderåret, utbetalast i juni i ferieåret, etter ein eingongsberekning. Feriepengane er 12 prosent av all løn i oppteningsåret.

For tilsette som er over 60 år eller som fyller 60 år i ferieåret, vert det berekna 2,3 prosent i tillegg for å dekke utgiftene til den siste ferieveka.

Feriepengar som nytilsett

Feriepengane byggjer på inntektene arbeidstakaren hadde i fjoråret (oppteningsåret).

Om den nye arbeidstakaren har hatt inntekt i oppteningsåret, vil førre arbeidsgivar betale ut feriepengane og arbeidstakaren tar ferie utan løn hos ny arbeidsgivar. Om den nye arbeidstakaren ikkje hadde inntekt, vil personen ikkje få feriepengar.

Feriepengar når ein tilsett sluttar i jobben

Når ein tilsett skiftar arbeidsgivar i staten, skal feriepengane utbetalast.

Det kan verte inngått individuell avtale om at feriepengane skal utbetalast i det året ferien vert avvikla.

Tidlegare praksis om at feriedagar og feriepengar vert overførte til ny arbeidsgivar gjeld ikkje lenger frå 31. desember 2017. 

PM-2019-7: Særavtale om ferie for statsansatte - beregning og utbetaling av feriepenger (lovdata.no)

 

Sharethis