Kva gjer eg om det vert varsla streik?

To personer diskuterer over en laptop

Lønsoppgjeret i staten er til mekling hos Riksmeklaren. Meklinga varer til midnatt 26. mai. Om Riksmeklaren ikkje får partane til å einast, kan det verte streik.

Publisert: 14. Mai 2021, Sist endra: 22. Mai 2021

 Når startar ein eventuell streik? 

Plassfråtreding eller streik kan tidlegast skje  27. mai 2021 kl.00.01. I praksis frå klokka. 06.00, 27. mai, 2020. 

Om meklinga går på overtid, vert fristen utvida. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) vil då varsle, via fagdepartementa, om det konkrete tidspunktet for eventuell streik. 

Streikeberedskap for arbeidsgjevarar 

KMD har lagt ut informasjon om streikeberedskap på sidene sine om lønsoppgjeret. Her ligg protokoll om prinsipielle spørsmål rundt ei eventuell streik, til dømes står det at partane meiner at arbeidstsakarar ikkje skal levere inn PC, mobil og nettbrett no under pandemien. Du finn og protokoll for dispensasjon frå varselet om plassfråtreding for arbeidstakarar.

Departementet har og sendt ut ei personalmelding om korleis arbeidsgvar skal handtere arbeidskonfliktar om det vert streik.

PM-2021-08 Arbeidsgivers håndtering av arbeidskonflikter ved en eventuell streik (lovdata.no)

KMD har også utarbeidd retningslinjer for korleis verksemdene skal opptre i Arbeidskonfliktar i staten.

Som arbeidsgjevar bør du setje deg inn i dokumenta no. Verksemda bør lage ein plan for kva de skal gjere dersom det vert streik. Dette står det meir om i kapittel 2.1 i Arbeidskonfliktar i staten.

  • Planen må  lagast til verksemda, og forankrast i verksemda med ein gong det kjem signal om eit mogleg brot og streik.
  • Dersom det vert streik, er det viktig å etablere eit godt samarbeid med dei hovudtillitsvalde om korleis leiinga kan ha ein ryddig dialog under streiken. Gå gjerne gjennom planen og ver tydeleg på korleis leiinga planlegg å opptre under ein eventuell streik.
  • Hugs god og sakleg informasjon til alle. Både tilsette som vert tekne ut i streik, og tilsette som ikkje vert tekne ut, vil ha behov for informasjon.
  • Hugs å informere brukarar om at streik kan påverke tenestene til verksemda.

 

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*