Berre 36 prosent kvinner på leiarlønsordninga i staten

Berre 36 prosent av alle på leiarlønsordninga til staten er kvinner. Men forsking viser at toppleiarar er meir klår over orsaka til den skeive fordelinga.

Statlege arbeidsgivarar har gjennom systematisk arbeid klart å få fleire kvinnelege leiarar i staten.

Lukkast betre på eitt nivå

Tal frå dei siste åra viser at dei på eitt nivå har lukkast med dette arbeidet. Blant leiarar, som er omfatta av Hovudtariffavtalane, var over 52 prosent kvinner mot 48 prosent menn i 2016.

Når det gjeld leiarar som vert løna over leiarlønsordninga i staten er biletet eit anna, viser 2017-tala frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Blant leiarar på leiarløn finn vi framleis fleire mannlege toppleiarar enn kvinnelege.

Av totalt 240 personar på leiarlønsordninga i staten i 2017, var 36 prosent kvinner, medan 64 prosent var menn.

Døme på leiarar omfatta av leiarlønsordninga er toppleiarar i ytre etat, departementsrådar, ekspedisjonssjefar, fylkesmenn og politimeistrar.

Leiarlønsordninga i staten 2015 2016 2017
Totalantall på ordninga 265 245 240
Kvinner 32% 35% 36%
Menn 68% 65% 64%

Regjeringa har sett som mål at leiargruppa i statlege selskap, direktorat og etatar skal ha minst 40 prosent av begge kjøn. Det er ei oppmoding til statlege arbeidsgivarar at dei framleis må motivere kvinner til å ta på seg toppleiaroppgåver, og ikkje minst fortsette arbeidet med å rekruttere kvinner til toppleiarstillingar.

Ser problemet tydelegare

Den nye Leiarskapsundersøkinga, gjort av Statistisk sentralbyrå (SSB) for Institutt for samfunnsforsking (ISF) viser likevel at toppleiarar har teke meir innover seg kvifor det er fleire menn som er toppleiarar enn kvinner.

I 2000 svarte norske toppleiarar at kvinner sjølve hadde skuld i at toppleiinga i norske verksemder vert dominerte av menn. I 2016 svarar 75 prosent av dei 1351 leiarane at ei viktig forklåring er at rekrutteringa skjer gjennom uformelle nettverk.

- Det tyder at «Gutteklubben Grei» litt tydelegare ser at det er noko med korleis vi handterar blant anna i rekrutteringsprosessar, som mogleg fremmer meir mannlege enn kvinnelege kandidatar, seier Mari Teigen, leder for CORE – Senter for likestilling på Institutt til NRK.no.

 

Oppdatert: 20. august 2018

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.