Reisepolicy

Med ein formålstenleg reisepolicy kan du som leiar bidra til å forbetre reisepraksisen i di verksemd.

Mange verksemder i staten har oppdrag og formål som gjer det naudsynt for tilsette å reise i tenesta. For verksemder som har mange tenestereiser utgjer dette ofte mykje pengar.

Toppleiar og HR utarbeidar reisepolicyen. Ein reisepolicy skal òg vere forankra hos dei tillitsvalde.

Ein reisepolicy skal ha rammar for reisinga slik at alle i verksemda veit kva ein er samde om. Reisepolicyen må vere tilpassa samfunnsoppdraget til verksemda og seie noko utover særavtalane. Han må også verte oppfatta som fornuftig av medarbeidarane.

Ein reisepolicy bør vere enkel og innehalde:

  • Hensikta med policyen
  • Kven han gjeld for
  • Kven som godkjenner reisa
  • Rutinar for effektiv planlegging, bestilling og opplegg for korleis ein reiser i forhold til særavtalane.
  • Reglar for ulike formar transport
  • Reiseoppgjer

Som toppleiar er du ein viktig rollemodell, og bør difor vere bevisst eigen reisepraksis. Formålet med reisepolicyen må vere enkel å forstå og praktisere slik at den bidrar til dei innsparingane verksemda ønsker.

 

Oppdatert: 5. januar 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.