Partane vart einige i lønsforhandlingane

Fem menn i dress snakker sammen

Her kan du lese kva dei ulike partane seier om oppgjeret.

Publisert: 24. Mai 2018, Sist endra: 29. okt 2018

Meklinga i lønsoppgjeret hadde frist til midnatt 23. mai. Torsdag 24. mai vart partane einige om oppgjeret på overtid. 

Klokka 1620 kunne kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland fortelje at partane hadde kome fram til ei løysing for dei to hovudtariffavtalane.

– I avtalen med Akademikarane har vi fått ei historisk modernisering av lønssystemet og vi er einige i at heile lønspotten skal forhandlast lokalt. Vi har tillit til at lokale arbeidsgjevarar og tillitsvalde vil finne gode løysingar for å fordele lønspotten slik at dei kan rekruttere og behalde gode medarbeidarar, seier Mæland.

Heile pressemeldinga frå KMD (regjeringa.no)

For LOStat, YS Stat og Unio seier den nye avtalen at dei skal fordele potten 50-50 på generelle og lokale tillegg.

Sidan oppgjeret i år er eit hovudoppgjer, forhandla ein og om teksten i dei to hovudtariffavtalane. Under kan du lese kva dei ulike partane seier om oppgjeret.

Løysing i staten (LOstat.no)

Eit godt oppgjer for YS Stat. Streik hindra (jegerstatsansatt.org)

Samde om statsoppgjeret (Unio.no)

Oppgjeret i staten - Akademikarane med gjennomslag for krava sine (akademikerne.no)

Sharethis