Kva betyr statsbudsjettet for statlege arbeidsgivarar?

Finansminister Siv Jensen
Foto: Bård Brinchmann Løvvig, Finansdepartementet

Statsbudsjettet leggjar vekt på å få opp mangfaldet på arbeidsplassen, nye innovative måtar å jobbe på og utvidar satsinga på statlege lærlingar.

Publisert: 17. okt 2018, Sist endra: 08. nov 2018

Førre veke leverte regjeringa statsbudsjettet til Stortinget. Vi har henta ut nokre av satsingane som statlege arbeidsgivarar bør vere merksame på.

1. Inkluderingsdugnaden og lønstilskot

Regjeringa ynskjer å få fleire inn i arbeidslivet.  Fokus på «hull i CVen» vert viktig for alle statlege verksemder når dei skal tenkje rekruttering frå no. Inkluderingsdugnaden rettar innsatsen mot støtte til arbeidsgivarar som tilset personar frå målgruppa til dugnaden.

Regjeringa set av 125 millionar kroner til inkluderingsdugnaden i statsbudsjettet. Dei fleste midlane vert forvalta av NAV.

Regjeringa foreslår til dømes å endre i ordninga med lønstilskot, og satsar på å auke lønstilskotet for arbeidsgivarar innanfor ramma for arbeidsmarkedstiltaka.

Difi jobbar med fleire konkrete tiltak som skal hjelpe arbeidsgivarar i arbeidet med inkludering.

2. Kompetanseløft i omstilling

Regjeringa vil gjennomføre ei kompetansereform for å hindre at arbeidstakarar fell ut av arbeidslivet.

Målet er at ikkje nokon skal «gå ut på dato» eller måtte slutte i jobben på grunn av manglande kompetanse. Reforma skal betre høve til etter- og vidareutdanning.

To viktige tiltak er å utvikle fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar. Regjeringa ynskjer også eit bransjeprogram retta mot bransjar som særleg vert omfatta av digitalisering, automatisering og omstilling.

3. Satsing på statlege lærlingar nord i landet

Regjeringa satsar på å auke talet på  lærlingar i staten.

For å styrke arbeidet foreslår regjeringa ei større satsing på lærlingar i statlege verksemder i Nord-Noreg.

Tiltaket blir ei del av opplæringskontoret for statlege verksemder, OK stat.

4. Innovasjon – nye måtar å jobbe på

Innovasjon og innovativ tankesett vert stadig viktigare for statlege arbeidsgivarar.

For å bidra til ein enklare kvardag, fortset regjeringa arbeidet med å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor.

Regjeringa foreslår blant anna å doble tildelinga til StimuLab frå 10 til 20 millionar kroner.

StimuLab-ordninga skal stimulere til innovasjon og tenestedesign i offentleg sektor, og stimulere til nye arbeidsformer.

 5. Støtte til nye digitale prosjekt

Regjeringa forventar at store gevinstane, både for offentleg forvaltning og for innbyggarane. Gevinstane knyter seg både til einskilde prosjekt og til kunnskap og erfaringar som kjem heile offentleg sektor til gode.

Regjeringa har sett av 1,7 milliardar til nye IT- og digitaliseringsprosjekt.

Som statleg arbeidsgivar kan du søke støtte i til dømes medfinansieringsordninga.

Medfinansieringsordninga rettar seg mot små og mellomstore digitaliseringsprosjekt. Statlege verksemder kan søke om støtte til opp til 50 prosent av prosjektkostnadane. Regjeringa foreslår at ordninga skal styrkast, og sett av 127,2 mill. kr til medfinansiering av nye prosjekt. 

 6. Effektivisering

ABE-reforma som vart innført i 2015 vert vidareført i det nye budsjettet.

Reforma skal bidra til effektiv statleg drift, og sender eit tydeleg signal til statlege verksemder om å gjennomføre meir systematisk effektiviseringsarbeid.

Eit stadig større press på offentlege budsjett gjer det naudsynt å tenke nytt. Regjeringa skriv at omstilling, nye arbeidsformer og endra organisering er viktige verkemiddel.

Det pågåande arbeidet med sentralisering, standardisering og digitalisering av administrative funksjonar vil støtte opp under målsettinga om ei meir effektivt forvaltning. Tal frå 2017 viser at 87 prosent av statlege verksemdene er lønskundar hos Direktoratet for økonomistyring (DFØ).

Sharethis