Slik er IA-avtalen

Anniken Hauglie arbeids- og sosialminister
Foto: regjeringen.no

Sterk satsing på førebyggande arbeidsmiljøarbeid, målretta tiltak mot einskilde bransjer, kompetansetiltak og utvida eigenmelding er blant tiltaka i IA-avtalen.

Publisert: 18. des 2018, Sist endra: 17. jan 2020

Avtalen har to overordna mål:

  • sjukefråveret skal reduserast med 10 prosent samanlikna med årsgjennomsnittet for 2018
  • fråfallet skal reduserast.

For å oppnå måla i IA-avtalen:

  • Arbeidslivssentra skal vera virkemiddel for alle. Verksemdene får behalde kontaktpersonen sin på NAV Arbeidslivssenter fram til dei blir erstatta av nye digitale løysingar.
  •  Det er etablert eit tilskott til ekspertbistand. Dette blir forvalta av NAV Arbeidslivssenter (ALS). Tilskotta skal vera til ekspert­bistand i enkeltsaker med lange og/eller ofte gjentakande sjukefråver. Tilskottet blir avgrensa til situasjonar der dokumenterte bedriftsinterne tiltak og andre offentlege støtteordningar er utprøvd. Arbeidsgjevar, NAV Arbeidslivssenter og den einskildee arbeidstakar må vera samde om at det er formålsteneleg med ekstern ekspertbistand for å finne løysingar.
  • Innsatsen blir målretta mot bransjar og sektorar som har potensial for redusert sjukefråver. Det er sett eigne mål for prioriterte bransjar fordi avtalen erkjenner at det er ulikskapar i bransjar i det norske arbeidslivet
  • Førebyggande arbeidsmiljøarbeid. Førebyggings- og tilretteleggingstilskottet, som har lege i tidlegare IA-avtaler, er fjerna. Dei årlege midla til tilskottet er fordelt på verkemidla i avtalen. Det blir mellom anna oppretta ein ny nettportal under Arbeidstilsynet som skal rette seg mot dei ulike bransjane og utfordringane som er unike for kvar bransje
  • Kompetansetiltak – utfordringa er gjentakande, ofte langvarige sjukefraver.  I dei tilfella ein på eit tidlegare tidspunkt veit at personen ikkje kan koma tilbake i same jobb, skal det setjast i gang kompetansetiltak, og heller satsast på omskolering og etterutdanning.
  • Utvida eigenmelding. Automatikken i at arbeidstakarar i tidlegare IA-bedrifter har hatt utvida egenmelding fall bort i den gjeldande avtalen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet anbefalte alle statlege verksemder å ta i bruk ordninga etter drøfting med dei tillitsvalde. Dette er gjennomført hjå dei fleste. Rett til utvida eigenmelding blir sett som eit av tiltaka i det systematiske sjukefråversarbeidet.

Då avtalen var inngått sa kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland dette:

- På vegne av staten som arbeidsgjevar, vil eg takke for ein ny, moderne og spissa avtale som er opptatt av å få ned sjukefråvær og at færre arbeidstakarar fell ut. Det er viktig for kvar tilsett og vår framtidige berekraft. Dette arbeidet skjer først og fremst lokalt, og det er viktig å legge til rette for det.

IA-avtalen 2019-2020 (regjeringen.no)

Ny IA-avtale for hele arbeidslivet (regjeringen.no)