Regjeringa vil gjere det enklare å delta i inkluderingsdugnaden

Kolleger sitter rundt et bord
Foto: Colourbox

Endringar i forskrift til statstilsettelova er på høyring. Endringane skal gjere det enklare  for arbeidsgjevarar å nå måla for inkluderingsdugnaden.

Publisert: 12. aug 2019, Sist endra: 12. aug 2019

Statlege verksemder har gitt departementet tilbakemelding om at det er utfordringar i arbeidet med inkluderingsdugnaden, blant anna på grunn av statstilsettelova. På bakgrunn av dette er endringar i forskrifta til statstilsettelova no på høyring.

Arbeidssøkarar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en representerer verdifull kompetanse og arbeidskraft. Regjeringa ønskjer at fem prosent av alle nytilsette, både i førebels og faste tilsettingar, skal vere personar innan denne målgruppa.

I lenka under kan du lese dei ulike drøftingane og forslaga som no er på høyring.

Høyring: Endringar i forskrifta til statstilsettelova (regjeringa.no)

Som utdrag kan vi nemne at regjeringa i høyringsnotatet legg spesiell vekt på personar med hol i CV-en, og foreslår at søkjarar med hol i CV-en skal handsamast på same vis som søkjarar med nedsett funksjonsevne.

Det inneberer at

  • Minst ein søkjar med hol i CV-en skal innkallast på intervju
  • Søkjarar med hol i CV-en kan  tilsetjast dersom han eller ho er tilnærma like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren.
  • Personar med hol i CV-en kan søkje på Traineeprogrammet i staten, som tidlegare berre var for personer med nedsett funksjonsevne. Traineestillingane er førebels  tilsetjingar  og det vert også foreslått at det skal gjerast mogeleg for arbeidsgjevar å tilsette traineen fast utan offentleg kunngjering etter at traineeperioden er over.

I tillegg drøftar høyringsnotatet sjølve definisjonen på omgrepet «hol i CV-en», og om arbeidsgjevarar skal få høve til å tilsette arbeidstakarar med lønstilskot utan offentleg kunngjering.

Frist for høyringa om endringar i statstilsettelova er 14 .august.

I arbeidet med inkluderingsdugnaden har regjeringa fått laga ei nullpunktsmåling:

Tiltak for enklare inkludering i staten (regjeringa.no)

Her finn du korleis inkluderingsdugnaden fungerer i dag: