Kva betyr statsbudsjettet for statlege arbeidsgjevarar?

Framleis krav til effektivisering og omstilling, ny statleg arbeidsgjevarstrategi og sterkare satsing på inkludering og inkluderande arbeidsliv. Dette betyr statsbudsjettet for arbeidsgjevarar i staten.

Ei rekke områder i statsbudsjettet grip inn i kvardagen til statlege arbeidsgjevarar.

Framleis effektivisering

Regjeringa innførte i 2015 ABE-reforma eller Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Denne reforma gjeld framleis for 2020 og grip direkte inn i statlege verksemder.

Reforma gir insentiv til meir effektiv statleg drift og skal skape handlingsrom for å sikre velferda, investere i utdanning og kunnskap og styrke samferdsel, politi og forsvar.

Den årlege overføringa blir sett til 0.5 prosent av alle driftsutgifter som blir løyva over statsbudsjettet.

Ny arbeidsgjevarstrategi

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal leggje fram ein ny arbeidsgjevarstrategi i 2020. Sentrale arbeidsgjevarpolitiske tiltak skal vere godt forankra i behova til verksemdene og dei må leggje til rette for lokale tilpasningar.

Både statlege arbeidsgjevarar og Arbeidsgjevarrådet bidreg i dette arbeidet.

Inkluderingsdugnaden vert vidareført

Fem prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en. Verksemdene skal rapportere om korleis dei jobbar med dugnaden i årsrapporten. Difi tilbyr statlege arbeidsgjevarar støtte i dette arbeidet.

Frå 1. april 2019 blei det bestemt at også førebels stillingar skal telje, blant anna dei som blir tilsett gjennom Traineeprogrammet i staten for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning.

Rapporteringa frå 2018 syner at det framleis er ein veg å gå for statlege arbeidsgjevarar. Regjeringa har for å lette arbeidet sendt forslag til endringar i statsansattelova på høyring.

Meir satsinga: Forsterka innsats i inkluderingsdugnaden (regjeringa.no)

Anonyme søknadar i staten

Som eit ledd i eit meir inkluderande arbeidsliv i staten blir det no gjennomført forsøk med anonyme søknadar i statleg rekruttering. 15 verksemder deltek i forsøket, blant anna Arbeids- og velferdsdirektoratet, Universitetet i Bergen, Nasjonalbiblioteket og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Oppfølging av sjukemeldte

Den nye IA-avtalen trådte i kraft 1. januar 2019. Den nye avtalen er spesielt fokusert på bransjeprogram, men gjeld for alle verksemder, både private og statlege. I 2019 fekk alle arbeidsgjevarar moglegheit for å søkje tilskot til ekspertbistand i saker med lange sjukemeldingar.  Søknaden skal sendast i samråd med arbeidstakar. 

Større merksemd på lærlingar i staten

Opplæringskontoret for statlege verksemder (OK stat) har 161 lærlingar i statlege verksemder, men ingen i Nord-Norge. Difi Ok stat fekk i oktober 2019 eit eige kontor i Harstad som skal jobbe for å skaffe statlege verksemder i nord fleire lærlingar.

Satsinga vil i starten ha oppmerksemd på sikkerheitsfaget og byggdriftarfaget.

Meir om satsinga: Opplæringskontoret OK stat støtter statlege arbeidsgjevarar i nord

Ny moglegheit for senior-leiarar

Departementet vil sjå nærare på moglegheita dei statstilsette har for å utnytte kompetansen i slutten av karrieren, der leiarar ønskjer å tre tilbake frå leiarstillinga og arbeide med faglege oppgåver før dei blir pensjonerte.

Lover og avtaler

Mykje tyder på at verksemdene i større grad utnyttar det lokale handlingsrommet i lønsforhandlingar fordi ein større del av lønsmidlane vert forhandla om mellom partane lokalt. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil følgje opp tilbakemeldingane i samhandlinga med hovudsamanslutningane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil framleis arbeide for at særavtalene rundt statlege arbeidsvilkår blir modernisert. Dette skjer gjennom forhandlingar med hovudsamanslutningane.

Leiarløn

Ei rekke av leiarstillingane i statlege verksemder er utanfor leiarlønsystemet, mens andre stillingar på lågare nivå er ein del av systemet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer å gjere systemet meir heilskapeleg. Endringane må forhandlast med hovudsamanslutningane.

Nasjonal melding om innovasjon i offentleg sektor

Regjeringa vil i 2020 leggje fram ei stortingsmelding om innovasjon i offentleg sektor. Meldinga vil gi tydeleg retning for arbeidet med innovasjon i forvaltninga, og korleis forvaltninga skal legge til rette for kultur for auka innovasjon.

StimuLab til Difi, er ei stimuleringsordning for innovasjon og tenestedesign i offentleg sektor. Formålet med ordninga er å auke innovasjonskapasiteten, bidra  utvikling av kunnskap og brukarrorientert nyskaping i statlege verksemder og kommune gjennom tilskot og fagleg rettleiing. Frå 2020 ligg ordninga i Digitaliseringsdirektoratet.

Nytt direktorat for forvaltning og økonomistyring

Frå 1. januar 2020 blir avdelingane som jobbar støtte og råd til statlege verksemder, særleg knyta til omstilling overført til det nye Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Dette vil difor også gjelde Arbeidsgjevarportalen og arbeidsgivarstøtta til Difi.

Det nye direktoratet skal samle fagområda økonomi, styring, leiing, organisering og anskaffingar. Direktoratet skal legge til rette for ei meir samordna utvikling av desse fagområda, samstundes som statlege verksemder kan få betre og meir heilskaplege tenester frå det nye direktoratet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil framleis ha det faglege styringsansvaret for oppgåvene til direktoratet når det gjeld den statlege arbeidsgjevarpolitikken. Viktige element er tilbod om støtte og rådgiving, særleg knytt til omstilling og ein digital arbeidsgiverportal. I tillegg kjem oppgåver knytt til leiing. kompetanseutvikling, tiltak for fleire lærlingar i staten, mangfald og sekretariatsfunksjonen for Arbeidsgjevarrådet.

Meir om Arbeidsgjevarrådet framover: Arbeidsgjevarrådet i statsbudsjettet 2020

Publisert: 24. oktober 2019

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.