Arbeidsgivarportalen flyttar til DFØ

Illustrasjon på arbeidsgivers mange oppgaver

Frå januar 2020 flyttar Arbeidsgivarportalen til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Dette betyr det for deg som brukar.

Publisert: 15. des 2019, Sist endra: 19. des 2019

Desse nettstadene blir ei del av DFØ:

Arbeidsgivarportalen

OK stat – for lærlingar i staten

Læringsplattforma

Virksomhetsplattformen

Anskaffingar – frå 1. september 2020.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) skal frå 2020 vere pådrivar for god styring, leiing og organisering i staten og gi staten betre og meir heilskaplege tenester på desse områda. Avdeling for leiing og utgreiing og analyse går frå Difi til DFØ 1. januar.

Opplæringskontoret for statlege verksemder (OK stat), som støttar statlege verksemder i å ta inn og følgje opp lærlingar, blir også overført til DFØ.

Avdeling for leiing og avdeling for utgreiing og analyse vil bli fagleg styrt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, medan eigardepartementet til DFØ vil vere Finansdepartementet.

Liten endring for deg som brukar

Arbeidsgivarportalen tilhøyrer avdeling for leiing. Frå januar vil du difor motta nyheitsbrevet vårt frå DFØ. Som brukar av portalen og tilhøyrande tenester vil du oppleve liten endring fordi portalen framleis vert drifta vidare på difi-domene.

Portalen skal framleis støtte og styrke deg som statleg arbeidsgivar i arbeidsgivarspørsmål, med vekt på tema som omstilling, strategisk HR og og inkluderingsdugnaden.

DFØ skal vere ein fagleg premissgivar og utgreie aktuelle problemstillingar kring organisering, styring og leiing i staten for å kunne gi innspel til politikkutvikling på desse fagområda.

Meir praktisk informasjon:
DFØ endrar namn og får fleire oppgåver (dfo.no)

Desse avdelingane blir ein del av DFØ

Avdeling for utgreiing og analyse:
Rapportar, utgreiingar, statistikk, Statstilsetteundersøkinga og Innbyggarundersøkinga

Avdeling for Leiing:
Utvikling av leiing, kompetanseutvikling – og deling, Læringsplattforma. Arbeidsgivarportalen, Arbeidsgivarstøtte til Difi, sekretariatet for Arbeidsgivarrådet, Opplæringskontoret for statlege verksemder (OK stat), Inkluderingsdugnaden, Nordisk tenestemannsutveksling (TJUT)  og administrasjonen av tariffavsette kompetansemiddel.

 Avdeling for offentlege anskaffingar (frå 1. september)