Kompetansesatsing og utsett lønsoppgjer i revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa har lagt fram revidert nasjonalbudsjett. Her omtalast både satsing på kompetanse og endra føresetnader for lønsoppgjeret 2020.

Publisert: 14. Mai 2020, Sist endra: 14. Mai 2020

Denne veka la regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett. I budsjettet vart det lagt vekt på at det må satsast på kunnskap og kompetanse for å komme styrka ut av den krisa som vi er inne i.

Fleire studieplassar innan høgare utdanning og yrkesfagleg retning er blant hovudgrepa.

Utsett og endra lønnsoppgjer

Mange er opptekne av korleis det vert med lønsoppgjeret i 2020. I revidert budsjett vert det gjort tydeleg av føresetnadene for oppgjeret i år er vesentleg endra. Dette skuldast det Finansdepartementet omtaler som ein svært uvanleg økonomisk situasjon for landet. Lågare sysselsetjing og fleire arbeidsledige er hovudårsakene til dette.

Lågare lønsvekst

Finansdepartementet har som ein teknisk føresetnad lagt til grunn ei årslønsvekst på 1,5 prosent i arbeidet med revidert budsjett. Dette er ei endring frå ei forventa vekst på om lag 3,5 prosent.

Gjennomføring av alle lønnsoppgjer er utsett. Lønnsoppgjera er lagt opp slik at sentrale tariffområder i konkurranseutsett sektor (det såkalla frontfaget) forhandlar først.

 Partane i staten er samde om at hovudtariffavtalane vert vidareført fram til 15.september.

Revidert nasjonalbudsjett 2020 (regjeringa.no)