Rettleiar om heimekontor frå Helsedirektoratet

Helsedirektoratet gjev arbeidsgjevar ei sjekkliste for vurdering av heimekontor som verkemiddel for å redusere smitte av covid-19.

Publisert: 19. Mai 2020, Sist endra: 19. Mai 2020

Helsedirektoratet har kome med ein rettleiar for heimekontor og smitteforebyggande tiltak på kontoret.

Sjekkliste for heimekontor

Rettleiaren gjev råd for når du skal vurdere heimekontor for dei tilsette for å redusere smitte av koronaviruset. Han inneheld og ei sjekkliste som du som arbeidsgjevar kan gå gjennom når du skal vurdere bruk av heimekontor.

Folkehelsedirektoratet har utarbeidd rettleiaren og Helsedirektoratet er utgjevar.

Helsefaglege råd gjeld fortsatt

Heimekontor er eit verkemiddel for å redusere smitta av koronaviruset. Helsedirektoratet skriv at råda må tilpassast lokale forhold.

Det er framleis slik at det heimekontor vert anbefalt på stader der mange tilsette må bruke offentleg kommunikasjon til og frå arbeidsplassen. Dette gjeld særskilt i og rundt større byer, til dømes Oslo-regionen.

Rettleiar for heimekontor og arbeidsplasser (helsedir.no)

Tidlegare har Arbeidstilsynet lagt ut råda sine for tilbakeføring til kontoret. 

Her kan du lese råda og korleis dei jobba dei fram