Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten blir vidareført

Gjeldande særavtale om fleksibel arbeidstid i staten er blitt vidareført til og med 28. februar 2021.

Publisert: 26. jun 2020, Sist endra: 29. jun 2020

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og hovudsamanslutningane blei 25. juni samde om å forlenge særavtalen om fleksibel arbeidstid i staten til 28. februar 2021.

Avtalen blei inngått som ei prøveordning, og ordninga skal evaluerast.

Kommunal- og moderniseringsdepartemntet viser til personalmelding, PM-2017-13.

Det er ikkje gjort andre endringar i avtalen.

PM-2020-14 Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten