Arbeidsgivarrådet får nye medlemmar

Bilde av kvinne
Foto Tine Poppe, Bufdir

Leiar i Arbeidsgivarrådet, Mari Trommald, har takka ja til ein ny periode. Sjå kven som skal sitte i Arbeidsgivarrådet i staten.

Publisert: 02. sep 2020, Sist endra: 03. sep 2020

Når Arbeidsgiverrådet møtes den 25. september er det med fleire nyutnemnte medlemmar. Leiar for rådet, Mari Trommald, har takka ja til ein ny periode, mens andre går ut.  

Fullstendig oversikt over nye medlemmar og varamedlemmar (regjeringa.no) 

Arbeidsgivarrådet vart oppretta i mars 2017 med sikte på å knytte statlege verksemder tettare på utviklinga av arbeidsgivarpolitikken.  

Rådet har sidan oppretting gitt Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) råd i saker der departementet forhandlar sentrale avtaler med partane, eksempelvis innan hovudtariffavtalane og særavtalar. Rådet har også bidratt med informasjon og kunnskap om aktuelle saker som verksemdene arbeider med, eksempelvis inkluderingsdugnaden, omstilling og effektivisering.  

I 2019 vart Arbeidsgivarrådet evaluert.  

Les evalueringsrapporten (regjeringa.no)