Godt samarbeid med tillitsvalde er viktig

Under pandemien har fleire peikt på styrken i eit velfungerande partssamarbeid som ein viktig faktor i å handtere konsekvensar av krisa. Gjennom samarbeidet har felles forståing og løysingsforslag blitt utvikla. På Arbeidsgjevarportalen lanserer vi difor eigne sider om samarbeid og medverknad.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt arbeidsgjevarbarometer frå juni i år viser også at lokale tillitsvalde og leiarar i statlege verksemder har opplevd eit godt samarbeid under krisa.

Staten sitt arbeidsgjevarbarometer (regjeringa.no)

For å sikre at vi får løyst samfunnsoppdraget på ein best mogeleg måte, har dei sentrale partane i staten inngått avtalar som sikrar samarbeid og medverknad. Kjennskap til spelereglane i arbeidslivet gir tryggleik til HR og leiarar og til tillitsvalde.

Vi lanserer eigne sider om samarbeid og medverknad på portalen.  Les om kva ansvar du har som leiar av verksemda, og kva du som er leiar med personalansvar må passe på for å få til eit godt samarbeid med dei tillitsvalde i verksemda. Lytt til podkast frå erfarne leiarar og fagpersonar og få partssamarbeidet kort fortalt gjennom filmar.

Publisert: 19. november 2020 Oppdatert: 2. november 2021

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.