Vil du få besøk av Arbeidsgjevarportalen?

Arbeidsgjevarportalen har sidan oppstart i 2018 utvikla ei rekke fagsider med nyttige verktøy for deg som arbeidsgjevar. Vi kjem gjerne på digitalt besøk til verksemda di for å fortelje om portalen og erfaringane vi har gjort.

Publisert: 19. nov 2020, Sist endra: 24. nov 2020

Treng du råd til korleis du skal gripe fatt ein omstillingsprosess eller til dømes bygge eit karriereløp? På Arbeidsgjevarportalen finn du fagstoff om alt frå korleis lage ei god HR-strategi til strategisk kompetanseutvikling, korleis du kan rekruttere meir inkluderande, god leiing i staten og tolking av avtalar og regelverk – for å nemne nokre av tema.

Portalen samarbeider nært med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og har sidan oppstart fått ei rekke gode erfaringar med kva statlege arbeidsgivarar har av behov.

Vi som lager Arbeidsgjevarportalen kjem gjerne på digitalt besøk og fortel korleis vi, saman med arbeidsgivarstøtta i DFØ, kan støtte deg som er arbeidsgivar i staten.

Ta kontakt med seniorrådgjevar Christina Volen om du ønsker meir informasjon: christina.volen@dfo.no