DFØ skal vidareutvikle tilbod til medarbeidarar og leiarar i staten

I tildelingsbrevet til DFØ for 2021 ligg fleire oppdrag som styrke tilbodet til medarbeidarar og leiarar i staten.

Publisert: 11. feb 2021, Sist endra: 17. feb 2021
  • DFØ skal saman med KMD vere ein sentral pådrivar i arbeidet med å fylgje opp arbeidsgjevarstrategien. Målområda kompetanse, omstilling og arbeidsgjevarrolla skal vere førande for utvikling av tenester i strategiperioden.
  • DFØ skal fylgje opp tiltaka fra innovasjonsmeldinga til regjeringa på sine fagområde. Organisering, leiing og styring er viktige verkemiddel for å auke innovasjonstakta i offentleg sektor. Dette arbeidet skal gjerast i tett samarbeid med andre aktørar på feltet.
  • Plan for utviklingstilbod til statlege leiarar
  • Styrke og vidareutvikle arbeidsgjevarstøtta
  • Vidareutvikle kompetansetilbodet til medarbeidarar i staten
  • Støtte til statlege verksemder i arbeidet med inkluderingsdugnaden
  • Vidareføre traineeprogrammet i staten med kontinuerleg opptak for personar med nedsett funksjonsevne

Involvering av HR og leiarar

For enkelte oppdrag er det aktuelt å innhente synspunkt og brukarinnsikt frå HR og leiarar i statlege verksemder. Om du vert invitert til å delta, set vi stor pris på om du bidreg slik at nye tilbod i størst mogeleg grad ivertek dei behova som verksemdene har.

Vi kartlegger fremtidens kompetansebehov: Spørreundersøkelse om kompetansebehov og tilbud i staten

DFØ sitt tildelingsbrev