Gi tilsette høve til å ta ei doktorgrad som er relevant for verksemda

Har du ein tilsett som ønsker å ta doktorgrad på eit område som er relevant for verksemda? Då kan du og den tilsette søkje ordninga Offentleg sektor-ph.d.

Publisert: 02. mar 2021, Sist endra: 03. mar 2021

Offentleg sektor-ph.d  opnar for søknadar 3. mars. Midlane vert utdelt fortløpande og etter «fyrstemann til mølla»-prinsippet. Når midlane er fordelt, stenger tildelinga for i år.

Som arbeidsgjevar vert du prosjektansvarleg i eit Offentleg sektor-ph.d-prosjekt. Saman med den tilsette søkjer du midlar. Kandidaten må vere tilsett i verksemda, og doktorgraden skal gjennomførast på tre eller fire år.

Doktorgradsprosjektet skal vere relevant for fagområda som verksemda har ansvaret for, og vere med på å bygge kompetanse og kunnskap som verksemda treng.

Noregs forskningsråd lyser ut midlane. Det finst ein pott med tematisk frie midlar, det vil seie at dei ikkje har føringar knytt til tema i prosjektet. I tillegg finst det ekstra midlar til einskilde føringar innanfor helse, utdanning og ikt.

Prosjektet må vere relevant for verksemda. Prosjektet blir eit samarbeid mellom den einskilde verksemd, kandidaten og den gradgjevande institusjonen.

Du kan lese meir om ordninga på sida til Norges forskningsråd. Her kan du og lese om prosjekter som har fått støtte:

Prosjektbanken (forskningsradet.no)

Hugs at dei opnar for søknadar 3. mars. Les meir om samarbeid og nytte for verksemda:

Søk Offentleg sektor-ph.d (forskningsradet.no)