Arbeidsgjevarrådet mars 2021

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 12. mars 2021.

Fylgjande saker stod på dagsorden:

  • Orienteringssaker frå departementet. KMD orienterte om status for arbeidet med hovudavtalen, andre særavtalar og ulike saker på høyring.
  • Mellomoppgjeret 2021. KMD orienterte om førebuingane til mellomoppgjeret, og rådet gav sine innspel.
  • Stadsuavhengig arbeid i staten. Rådet var oppteke av at det er skilnad på auka tilretteleggjing for heimekontor og det at stillingar generelt skal kunne lysast ut med arbeidsplass på sjølvvald stad i Noreg. Det vart gjeve uttrykk for at dette må det vera opp til den einskilde verksemda å styre ut frå oppgåver og eigenart.
  • Arbeidsgjevarrolla i staten – vidare arbeid med kompetansemålet i arbeidsgjevarstrategien i staten 2020-2023 . DFØ presenterte status i arbeidet med kartlegginga av kompetansebehovet i forvaltninga. Rådet drøfta saka, og ga innspel til det vidare arbeidet.
  • Arbeidstid, aktuelle utfordringar ved direktør i Arbeidstilsynet. Direktør Trude Vollheim orienterte rådet om eigne røynsler med handtering av avvik frå arbeidstidsreglane, og ga ein kort gjennomgang av relevant regelverk. Rådet drøfta deretter saka kort.
  • Ny, felles medarbeiderundersøking i staten. DFØ orienterte rådet om den nye medarbeiderundersøkinga i staten som er under utarbeiding, og rådet ga innspel til arbeidet.

Neste møte i rådet vert 11. juni.

Publisert: 7. april 2021 Oppdatert: 26. september 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.