Mekling i lønsoppgjeret i staten

Det er brot i lønsoppgjeret i staten. Meklinga starta 5. mai. Torsdag morgon 27. mai mekla fortsatt partane på overtid i oppgjeret.

Publisert: 29. apr 2021, Sist endra: 27. Mai 2021

Staten og LO stat, Unio og YS stat klarte ikkje å bli einige om den økonomiske ramma i oppgjeret, og braut forhandlingane torsdag 29. april. Fredag 30. april braut også Akademikarane forhandlingane.

Forhandlingane i år er eit mellomoppgjer, og partane forhandlar berre om økonomi.

Ifølge ei pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som representerer staten i forhandlingane, tilbydde staten ein lønsvekst på linje med frontfaget som var 2.7 prosent. I ei videohelsing før oppgjeret tok til, sa  personaldirektør i staten, Gisle Norheim, at frontfagramma var særskild viktig for staten i oppgjeret.

Sjå ei orientering frå personaldirektør i staten, Gisle Norheim

LO stat seier i ei pressemelding at dei meiner tilbodet fra staten hadde ei fordelingsprofil som dei ikkje kunne godta. Akademikarane og Unio seier at dei meiner tilbodet ville føre til at medlemmane deira gjekk ned i reallønn. YS stat braut fordi dei meiner medlemmane ikkje vert sikra nok kjøpekraft. 

Meklinga tok til 5. mai, og skal vere klar 26. mai ved midnatt. Torsdag morgon 27. mai mekla fortsatt partane på overtid i oppgjeret.

Som statleg arbeidsgjevar kan du følgje forhandlingane her:

Lønsoppgjeret 2021 (regjeringa.no)