Arbeidsgjevarrådet juni 2021

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 11. juni 2021. Sjå tema for møtet.

Publisert: 29. jun 2021, Sist endra: 01. jul 2021

Fylgjande saker stod på dagsorden: 

  • Orienteringssaker frå departementet. KMD orienterte om mellomoppgjeret i vår, status for andre avtalar, oppfylgjing av Arbeidsgjevarrådet sine innspel til stadsuavhengig arbeid og ulike saker på høyring.
  • Arbeidsgjevarstrategien i staten – status med utgangspunkt i arbeidsgjevarbarometeret våren 2021.
  • Arbeidsgjevarstrategien i staten –arbeid med endrings- og omstillingsmålet. KMD presenterte grunnlag for diskusjon, og rådet gav sine innspel til det vidare arbeidet.
  • Departementsråd Eli Telhaug i Arbeids- og sosialdepartementet orienterte om aktuelle saker, mellom anna heimekontorforskrifta som er på høyring.
  • Departementsråd Eivind Dale i Kommunal- og moderniseringsdepartementet orienterte om den nye strategien for departementsfellesskapet.
  • DFØ ga ei kort orientering om status for Statens arbeidsgjevarstøtte.

Neste møte i rådet vert 10. september.