Oppheving av kjernetid i staten forlenga

Partane i staten er samde om at kjernetida i staten framleis skal vere sett ut av kraft. Opphevinga av kjernetida gjeld til og med 31. desember 2021.

Publisert: 31. aug 2021, Sist endra: 01. sep 2021

Kjernetida har vore satt ut av kraft under pandemien, og er ei tilleggsavtale mellom partane til særavtale for fleksibel arbeidstid i staten. 

Oppheving av kjernetida blei 27. august forlenga til 31. desember 2021.

PM 2021-15::Tilleggsprotokoll til særavtale om fleksibel arbeidstid i staten- kjernetid (lovdata.no)

Partane i staten blei einige om ny særavtalen for fleksibel arbeidtid i 23. mars 2021. Denne gjeld til 31. desember 2021.

Særavtale for fleksibel arbeidstid i staten (lovdata.no)