Arbeidstid i staten

Her finn du dei mest vanlege ordningane for arbeidstid i staten.

Person som graver i snøen

Foto: NVE

Fleire statlege verksemder, som NVE, har fleksibel arbeidstid.

Vanleg arbeidstid i staten er 37,5 timer per veke. Arbeidstida er vanlegvis fordelt på fem dagar per veke, altså 7,5 timar per dag i gjennomsnitt.

Meir om arbeidstid i Statens personalhandbok kapittel 3.1.

Individuelle ordningar

Individuelle arbeidstidsordningar kan organiserast på ulike måtar. Aktuelle alternativ kan vere:

  • Jamt fordelt arbeidstid: Frammøte og avslutning til regelmessig tidspunkt
  • Forskyvd arbeidstid: Du kan til dømes jobbe utover i dagleg ramme frå klokka 07.00 til 17.00. Dette skal ikkje vere ei permanent ordning og ordninga skal drøftast med dei tillitsvalde
  • Gjennomsnittsberekning av den alminnelege arbeidstid: Det vil seie at du i periodar jobbar mykje mot mindre i andre periodar
  • Fleksitidsavtale: Arbeidstakar sjølv kan variere når på dagen og i veka han eller ho møter på jobb. Mange verksemder i staten har kjernetid mellom 09.00 og 14.30. Frå 1. januar 2018 blir den ytre ramma for fleksitid 06.00 på morgonen og til 21.00 om kvelden

Les meir om den nye fleksitidavtalen her (regjeringen.no).

Sommartid/vintertid

Verksemder kan avtale å ha vinter- og sommartid.

Den kortare arbeidstida varer frå 15. mai til 14. september og må kompenserast med at arbeidstida vert forlenga elles i året.

Jul- og nyttårsaftan og romjul

Julaftan og nyttårsaftan er arbeidsdagar, om ikkje anna er avtalt.

I departementa, direktorata og anna steder i sentraladministrasjonen er arbeidstida desse to dagane inntil vidare til klokka 1200. Mellom jul og nyttår begynner kontortida kl. 10.00 viss tenesteforholda tillét det.

Om arbeid i jula og nyttår, finn du i Statens personalhandbok kapittel 3.1.2.

Kvilepausar og spisepausar

Kvilepausen er som regel kombinert med spisepausen, og skal vanlegvis ikkje reknast med i arbeidstida. Pausar vert sett som ein del av arbeidstida viss arbeidstakaren ikkje fritt kan forlate arbeidsstaden i pausen eller må ete måltida sine medan han eller ho arbeider.

Kor lang spisepause har arbeidstakarar rett til?

Arbeidstakarar har rett til 20 minutts spisepause i arbeidstida, ifølge Statens personalhandbok kapittel 3.1.3 om spisepauser.

Skift- og turnusarbeid

Viss arbeidet skal utførast til forskjellige tider av døgnet, skal det lagast ein arbeidsplan som viser arbeids- og fritida til den einskilde arbeidstakar

Reglar for turnusarbeid står nedfelt i arbeidsmiljølova § 10-3.

Einskilde verksemder kan ha unntak frå lova.

Redusert arbeidstid ved slike skift- og turnusarbeid skjer ved bruk av tidsberekning etter Hovudavtalen § 7 nr. 3.

Overtids- og meirarbeid

Overtid kan berre påleggast ved ekstraordinære behov. Overtid kan ikkje brukast for å dekkje opp permanent behov for arbeidskraft.

Overtid skal vere eksplisitt pålagt av leiar. Leiar skal kunne kontrollere og stadfeste at overtidsarbeidet er utført.

Er det grenser for overtid?

Overtidsarbeid skal ikkje overstige

ti timar i løpet av sju dagar

25 timar i løpet av fire samanhengande veker

200 timar i året.

Grensene kan eventuelt utvidast etter avtale med tenestemannsorganisasjonane eller etter godkjenning frå Arbeidstilsynet.

Det er forbode å bruke arbeidstakarar under 18 år til overtidsarbeid.

Arbeidsmiljølova § 11-1 om arbeid for barn og ungdom.

Overtidsarbeid i samband med uttak av AFP som delpensjon

Arbeidstakarar som tar ut AFP som delpensjon, skal få utbetalt overtid når pålagt arbeid overskrid arbeidstida per dag eller veke i ordinær heltidsstilling, ifølge Statens personalhandbok kapittel 3.2.4.

Redusert arbeidstid

Arbeidstakarar har rett til å få arbeidstida si redusert viss det er helsemessige, sosiale eller viktige velferdsgrunnar for det . Dette gjeld likevel berre viss dette kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for verksemda. Ordninga om redusert arbeidstid i Statens personalhandbok kapittel 3.3.3.

Dei fleste søknadar om redusert arbeidstid, blir ofte rekna som permisjonar.

Permisjonar
Alt om ulike permisjonar

 

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 02. aug 2018

Sharethis

Høyesterett: - Politimannens reisetid er arbeidstid

- Vi tar dommen fra Høyesterett til etterretning. Vi må sette oss inn i dette, og hva det betyr for oss, før vi kan komme med ytterligere kommentarer, sier Kommunal og moderniseringsdepartementet.