Ferie

Som leiar må du passe på å legge til rette for at tilsette får tatt ut ferie. Du skal i god tid før ferien, i praksis to månader, drøfte når arbeidstakar skal få ta ut ferie.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 20. aug 2018

Illustrasjon: Tom Stian Larsen, Difi

Arbeidstakar har både rett og ei plikt til å avvikle full ferie.

Du må gå gjennom dei oppsette ferielistene med den einskilde arbeidstakar eller med tillitsvalt for denne.

Oppteningsår og ferieår

I Staten har alle arbeidstakarar 25 dagar ferie med eller utan lønn.

Ferieåret følger kalenderåret. Oppteningsåret for feriepengar og tal på feriedagar er føregåande kalenderår.

Sjølv om arbeidsgivar i utgangspunktet har rett til å bestemme når ferie skal avviklast, avgrensar dette styringsretten.

Statlege arbeidsgivarar skal sørge for at arbeidstakar får 25 virkedagar (fem veker) ferie kvart ferieår. Innanfor perioden 1. juni - 30. september kan arbeidstakaren krevje å få avvikle ein samanhengande ferieperiode på tre veker.

Tidlegare praksis om at feriedagar vert overførte til ny arbeidsgivar gjeld ikkje lenger frå 31. desember 2017.

Ekstraferie for arbeidstakarar over 60 år

Arbeidstakar som fyller 60 år i løpet av ferieåret, skal ha ei veke ekstra ferie. Denne ferien disponerer arbeidstakaren sjølv, men han eller ho må varsle arbeidsgivar om ferien seinast to veker før.

Senior tenestefri

Seniorarbeidarar får frå fylte 62 år åtte dagar ekstra fri med lønn. Verksemdene kan også avtale seks dagar til ut over dette. Desse dagane er ikkje eigentleg ferie, men kan verte tatt som fridagar. Dei kan også verte tatt som redusert arbeidstid etter nærare avtale med arbeidsgivar.

Arbeidsgivar kan ikkje betale ut desse fridagane som lønn.

Om ekstra fri for seniorar over 62 år (Statens personalhandbok)

Er arbeidstakar nøydd til å ta ut ferie?

Arbeidstakar har både rett og ei plikt til å avvikle full ferie.

Som arbeidsgivar må du passe på at arbeidstakar avviklar full ferie. Det gjeld også når personen skiftar arbeidsgivar.

Arbeidstakar er likevel ikkje nøydd til å ta ferie utan lønn viss feriepengane hos noverande eller tidlegare arbeidsgivar ikkje er nok til å dekke lønnsbortfallet under ferien.

Om verksemda stopper drifta heilt eller delvis i samband med ferieavviklinga, kan arbeidsgivar likevel forlange at arbeidstakar tar ferie.

Kan ferie overførast til neste år?

Arbeidstakarar som ikkje har fått tatt ut ferie på grunn av sjukdom eller foreldrepermisjon, skal få overføre denne til neste ferieår.

Om arbeidsgivar tillét det, kan også den tariff-festa ferien overførast heilt eller delvis til neste år. Det betyr at arbeidstakar som har tariff-festa ferie, kan avtale å overføre 14 arbeidsdagar ferie til neste ferieår.

Kan eg pålegge arbeidstakar å ta ferie i oppseiingstida?

Om du som arbeidsgivar må seie opp ein arbeidstakar, kan du ikkje legge ferien i oppseiingstida utan samtykke frå den oppsagte.

Unntaket er viss oppseiingstida er på tre månader eller lenger. Då kan du som arbeidsgivar krevje at ferien vert avvikla i oppseiingstida innanfor rammene av ferielova.

Viss arbeidstakar sjølv seier opp stillinga, vil det ikkje ha noka innverknad på allereie avtalt ferieavvikling. Allereie avtalt ferieavvikling kan heller ikkje som hovudregel endrast på grunn av oppseiing, med mindre arbeidstakar samtykker til det.

Kan eg endre tida for ferieperiode?

Du kan endre oppsett ferietid for ein arbeidstakar.

Ei slik endring kan berre gjerast når uføresette hendingar skaper vesentlege driftsproblem, og det ikkje kan skaffast stadfortredar.

Arbeidsgivar må drøfte endringa med arbeidstakaren på førehand. Arbeidstakar kan ha med seg ein tillitsvalt under drøftinga. Som arbeidsgivar har du plikt til å erstatte dokumenterte meirutgifter arbeidstakaren får ved å flytte ferien sin.

Tips til smidig ferieplanlegging for leiarar

  • Ta opp planlegging av ferie heilt i starten av året. Sørg for at dei tilsette kjenner policyen til verksemda/tenesta for ferieavvikling. Balanser dei tenestelege behova opp mot tilsette sine behov for å ta ut ferie når det passar for dei.
  • Følg opp både avspaseringssaldo og ferie gjennom året.
  • Pass på at alle tilsette får moglegheit til å ønske når dei vil ta ut ferie. Det beste er om alle får ta ut når de ønsker. Dei fleste føler ansvar for drift og er villige til å strekke seg for å få det til å gå rundt.
  • Etter hovudferieperioden er slutt er det på tide med ein ny sjekk av både ferie og avspaseringssaldo. Sørg for at dei tilsette planlegg uttak av restferie.
  • Det er mogleg å overføre både plusstid og ferie frå eit år til eit anna. Som leiar er det lurt å tenke på korleis planane for neste år ser ut. Ser du at det vert eit travelt år, kan det vere dumt å tillate slik overføring. Sørg for å skape forståing for kvifor du eventuelt seier nei.

(Kilde: Statens personalhandbok, ferielova)

Sharethis

Artikkelliste