Gode råd når du førebur ei medarbeidarsamtale

Medarbeidarsamtalen skal ikkje vere ei oppsummering av året som er omme, men ein samtale om utvikling og mål for året som kjem.

Publisert: 11. jan 2018, Sist endra: 20. aug 2018

I desse dagar er det mange som startar førebuingar til medarbeidarsamtalen.

 Om du førebur deg godt, kan samtalen bidra til at du medarbeidaren og verksemda ser resultat av medarbeidarsamtalen.

Kompetanse for verksemda og medarbeidaren

Som leiar skal du ikkje berre kartlegge kva slags utvikling medarbeidaren ønsker seg. Du skal også sørgje for at medarbeidarane utviklar kompetanse som verksemda har bruk for.

Fagleg sterke og indre motiverte medarbeidarar er verksemda sin viktigaste kapital.

Her er nokre råd for korleis du førebur deg best mogleg:

  • Snakk om medarbeidarsamtalane i fellesmøte. Då vert det klart for medarbeidarane korleis samtalene nyttast i for at verksemda skal nå sine mål.
  • Dersom verksemda nyttar eigne skjema for samtalen, er det fint om informasjon om dette vert sendt ut i forkant eller publisert på intranett.
  • Kall inn til samtale i god tid, og gi medarbeidaren tid til å førebu seg.
  • Kommuniser måla for verksemda, og gi medarbeidarane høve til å konkretisere korleis dei kan bidra til at verksemda når måla.
  • Hugs at medarbeidarsamtalen skal vere ein dialog, lytt aktivt og still oppfølgingsspørsmål.

Tenk på at dykk begge har ansvar for å komme fram til konkrete utviklingsmål for medarbeidaren.

Ver medviten om at medarbeidarane dine er ulike. Forsøk å sjå kvar enkelt, kva som motiverer dei og korleis dei samarbeider med andre.

For å førebu deg best mogleg, kan du laste ned våre skjema. Du vil også ha stor nytte av vårt e-læringskurs «Snakk om utvikling – medarbeidarsamtalen i staten». Kurset kan tas både som leder, HR-medarbeider og ansatt.

Introduksjon til e-læringskurs om medarbeidersamtale

Mer om Medarbeidarsamtalen på Arbeidsgiverportalen:

 

Sharethis