Evaluere prosessen rundt undersøkinga

Å evaluere prosessen rundt undersøkinga gir nyttig informasjon til neste gong de skal gjennomføre ei medarbeidarundersøking. Evaluering av effekten av igangsette tiltak i etterkant er viktig for å kunne avgjere om riktige tiltak er iverksett.

Publisert: 18. nov 2018, Sist endra: 21. jan 2019

HR utarbeidar ein sluttrapport som vert basert på dei statistiske resultata frå undersøkinga og kvalitative data frå gjennomgangane i einingane.

Evaluering kan og skje kontinuerleg på bestemte tidspunkt, i meir eller mindre formaliserte formar.

Kva skal de evaluere?

Vi anbefaler at prosess, verktøy og tiltak de har nytta vert evaluert. Nyttige spørsmål å stille seg er til dømes;

  • Vert resultata frå undersøkinga nytta?
  • Gir undersøkinga verdi og effekt?
  • Kva er effekten av iverksette tiltak? 
  • Kva var ambisjonsnivået, og når har de lykkast?
  • Er det tilstrekkeleg å ha gjennomført tiltaka, eller skal tiltaka også ha effekt i form av målbar eller opplevd endring? Korleis kan dette målast?

Evaluering bør både skje på verksemdsnivå og på einingsnivå, anten gjennom eit strukturert spørjeskjema eller dialog og møte. Framgang eller tilbakegang på neste medarbeidarundersøking vil og vere ei form for måling av effekt. Du kan også gjere ein sjekk når du følgjer opp  medarbeidarundersøkinga i dei årlege medarbeidarsamtalane.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*