Førebu og avgjere

For å lykkast med gjennomføringa av ei medarbeidarundersøking, er det viktig med forankring hos leiinga, blant dei tillitsvalde og hos medarbeidarane. God forankring får du ved å involvere og informere.

Publisert: 18. nov 2018, Sist endra: 21. jan 2019

Desse stega bør de gå gjennom når de førebur ei medarbeidarundersøking:

  • Tenk gjennom kvifor verksemda ønskjer å gjennomføre ei medarbeidarundersøking og kva de ønskjer å oppnå. Evaluer førre undersøking. 
  • Lag ein overordna framdriftsplan og sett opp budsjett. De bør informere toppleiargruppa først. Deretter bør tillitsvalde og arbeidsmiljøutvalet informerast.
  • Kven skal koordinere prosessen? Er det HR eller skal de setje  saman ei arbeidsgruppe? Treng de ekstern støtte? 
  • Koordinerande eining legg opp ein total gjennomføringsplan med fristar og plassering av ansvar. Sett opp tidspunkt for når undersøkinga skal gjennomførast, og dato for tilbakemeldingsmøte med leiarar og tilsette.
  • Vurder om de skal gjere lokale tilpassingar til spørjeskjemaet.
  • Informer dei tilsette om undersøkinga, til dømes på eit allmøte. Alle må få same informasjon. For at resultata frå  undersøkinga skal verte representativt, er det avgjerande med god svarprosent. Få fram at «dette gjeld deg» for å motivere dei tilsette til å svare. Leiarane er viktige ambassadørar i dette arbeidet.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*