Reglar for eksamens- og lesedagar

Å ta etter- eller vidareutdanning er til nytte både for verksemda og for den einskilde tilsette. Her er reglane for eksamens- og lesedagar.

Kor mange eksamens- og lesedagar den tilsette skal ha, må avtalast mellom arbeidsgivar og arbeidstakar før studia startar. I avtalen skal det stå kva tidspunkt arbeidstakaren skal vere borte frå arbeidet. Lesedagane skal nyttast direkte opp mot eksamen (særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter og vidareutdanning, kurs mv §§1 og 10 )

  • Ein statstilsett har rett på eksamens- og lesedagar med løn for studiar som gir studiepoeng.  Retten er knytt til kor mange studiepoeng studiet gir, ikkje lengda på

     

    Arbeidsgivar og arbeidstakar må lage ein individuell avtale om etter- og vidareutdanning etter Særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og vidareutdanning, kurs mv.  Dei ulike verksemdene kan også ha sine eigne ordningar for tilsette når det gjeld etter- og vidareutdanning.

    Rett til eksamen- og lesedag (Statens personalhandbok 9.11.12 §10)

    studiet.
  • I samband med eksamen, har arbeidstakar rett til ein lesedag per to studiepoeng. Maks tal på lesedagar totalt er likevel 21 sjølv om arbeidstakar til dømes tek 60 studiepoeng på eitt år.
  • Om utdanninga har liten eller inga relevans for verksemda, har den tilsette rett på inntil sju eksamen- eller lesedagar med løn, rekna ut frå studiepoeng.
  • Om utdanninga vert rekna som nyttig for verksemda eller for stillinga eller kompetansen til arbeidstakaren, har han eller ho rett på permisjon med løn i til saman 21 lese- og eksamensdagar i løpet av eit studieår.

Anna du bør vere merksam på:

Studieår:
Hovudregelen er at eit studieår går, anten frå januar til desember, eller frå august til juni. Eit studieår skal etter avtalen ikkje overstige 12 månader. (særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter og vidareutdanning, kurs mv § 10, kommentaren til departementet nr 4).

Pliktteneste:
Arbeidsgivar og arbeidstakar må inngå ein avtale om pliktteneste ved permisjonar med heil eller delvis løn, og der arbeidstakar får dekka utdanningsutgifter og/eller stipend (Statens personalhandbok 9.11.9)

Kompetanseutvikling i samband med omstilling
Særavtale om bruk av verkemiddel ved omstillingar i staten, punkt 13 er aktuell å nytte for etter- og vidareutdanning.

Studiereiser til utlandet  (Statens personalhandbok 10.8.3.2)

 

Oppdatert: 2. november 2021

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.