Arbeidsavtalar

Dette må du hugse på når du skal skrive ein arbeidsavtale.

Når innstillinga av kandidat for stillinga vert godkjend, vert det utarbeida eit tilbod.

HR må hente inn all informasjon om lønn og kvalitetssikre lønnsforslaget før tilbodet vert sendt til kandidaten.

Det skal alltid lagast ein skriftleg arbeidsavtale, uavhengig av kor lenge arbeidsforholdet skal vare og kor stor stillinga er.

Arbeidsavtalar vert styrt av arbeidsmiljølova § 14-5.

Det skal verte avtala prøvetid om ikkje verksemda har avtala noko anna. Dette gjerast skriftleg. Prøvetida skal ikkje vere meir enn seks månader. Om arbeidstakaren er sjuk eller fråverande i prøvetida, kan ho verte utvida.

Når du vert ferdig med sjølve tilsettinga, kan du lese meir om temaet under:

Introduksjon og innfasing
Ei god innfasing gjeld for alle nye tilsette i verksemda

 

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 07. feb 2018