Kunngjering

Skriv kunngjeringsteksten slik at han motiverer aktuelle kandidatar til å søke.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 20. okt 2019

Skriv kunngjeringsteksten slik at han motiverer aktuelle kandidatar til å søke.

Ein god kunngjeringstekst

  • Teksten skal følge regelverk og kvalifikasjonsprinsippet.
  • Sjå til at mangfaldperspektivet og kjønnsperspektivet vert med.
  • Krava til søkarane må vere tydelege.
  • Teksten må skrivast slik at dei rette kandidatane vil ønske å søke.

Stillings- og kravbeskrivinga som kjem ut av jobbanalysen du gjer, skal speilast i krava du stiller i stillingsannonsen eller utlysingsteksten.

Det er lett å falle for freistinga til å kopiere utlysingsteksten du brukte sist, men då står du i fare for å gå glipp av kompetansen du treng i morgon.

Orda du brukar og tonen i stillingsannonsen sender signal til søkarane  om kva slag verksemd dei søker seg inn i. Til dømes vil ein utlysingstekst som prøver å fortelje at ein ser personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i cv-en som verdfulle kandidatar, truleg tiltrekkje seg fleire søkarar frå denne gruppa.

Ein utlysingstekst bør vera ærleg og rett på sak. Prøv å unngå trendord og uttrykk som «svolten», «spanande» og «framoverlent».

    Krav til offentleg kunngjering av ledig stilling

    Hovudregelen er at alle ledige stillingar i staten skal kunngjerast offentleg, om ikkje noko anna er fastsett i lov, forskrift eller sentral tariffavtale (statsansatteloven § 4)

    Du treng ikkje kunngjere stillingar som er tidsavgrensa i inntil seks månader (administrative tilsettingar). Det same gjeld for tilsettingar inntil 12 månader dersom dette er fastsett i personalreglementet for verksemda. 

    Føresetnaden for å bruke slike tilsettingar, er at du har fått eit behov som har oppstått brått og uføresett.

    Alle stillingar skal kunngjerast gjennom NAV. Elles kan verksemda kunngjere stillinga slik dei vil. I dag vel mange verksemder å annonsere digitalt og på sosiale media. Også her kan det vere nyttig å tenkje gjennom i kva for kanalar det er mest sannsynleg å treffe den målgruppa ein fyrst og fremst ynskjer å nå. Dette er ikkje nødvendigvis likt for alle stillingar.

    Les meir om krav til kunngjering av ledige stillingar i Statens personalhandbok 2.1.1