Seleksjon og intervju

Den mest vanlege forma for seleksjon i rekrutteringsprosessen er intervju.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 26. jun 2018

Det første du må gjere i intervjurunden er å vurdere kandidatane ut ifrå dei krava som er spesifisert i kunngjeringa.

Det er lett å la seg blende av eit førsteinntrykk, og det er lett å like kandidatar som har same kompetanse og forståing som ein sjølv.

Køyr minst to runde med intervju. Hugs å gi tilbakemelding til de som ikkje vert innkalla. Ei slik tilbakemelding kan til dømes vere at alle aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju i uke 34. 

Tips til en god intervjuform

  1. Sett intervjuforma på førehand. Dette krev forarbeid. De bør bestemme dykk på førehand om de ønsker å nytte ulike testar, be om arbeidsprøver eller at kandidaten løyser case/arbeidsprøver anten heime før intervjuet eller under intervjuet.
  2. Gi kandidatane ei oversikt over strukturen i intervjuet og ein tidsplan for tilsettingsprosessen.
  3. Spør om krava som vert stilte i kunngjeringa.
  4. La gjerne alle intervjua følge same struktur slik at kandidatane vert likt vurdert.
  5. Husk å styre tida slik at du faktisk får svar på det du lurer på. Prate uformelt kan du gjere heilt på slutten.

Viktige faktorar du vil ha fram om kandidaten:

  • Utdanning og kunnskap
  • Ferdigheiter
  • Evner
  • Haldningar
  • Personlege eigenskapar

Referanseintervju

Ta berre kontakt med dei referansane som vert oppgitt og som er klarert. Snakk med fleire referansar. Nokon ønsker å snakke med kandidatens noverande leiar, andre verksemder tillét at denne vert halden utanfor.

Om de ønsker andre referansar frå kandidaten, så må kandidaten verte spurt om dette.

Spør referansane om dei konkrete krava og eigenskapane du meiner kandidaten må ha, og dei som du ønsker at kandidaten skal ha.

Sett av nok tid til referansesamtalene. Ikkje ring fredag ettermiddag. Det er og ein fordel om referanseintervjua følger ein fast struktur.