Stillingsannonse

Skriv teksten slik at han motiverer aktuelle kandidatar til å søke.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 05. jan 2021

Skriv teksten til stillingslysinga slik at han motiverer aktuelle kandidatar til å søke.

Ein god tekst

  • Teksten skal følge regelverk og kvalifikasjonsprinsippet.
  • Sjå til at mangfaldperspektivet og kjønnsperspektivet vert med.
  • Krava til søkarane må vere tydelege.
  • Teksten må skrivast slik at dei rette kandidatane vil ønske å søke.

Få fleire tips i korleis du skriver gode stillingsannonsar.

Stillings- og kravbeskrivinga som kjem ut av jobbanalysen du gjer, skal speilast i krava du stiller i stillingsannonsen eller lysingsteksten.

Det er lett å falle for freistinga til å kopiere lysingsteksten du brukte sist, men då står du i fare for å gå glipp av kompetansen du treng i morgon.

Orda du brukar og tonen i stillingsannonsen sender signal til søkarane  om kva slag verksemd dei søker seg inn i. Til dømes vil ein tekst som prøver å fortelje at ein ser personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i cv-en som verdfulle kandidatar, truleg tiltrekkje seg fleire søkarar frå denne gruppa.

Ein utlysingstekst bør vera ærleg og rett på sak. Prøv å unngå trendord og uttrykk som «svolten», «spanande» og «framoverlent».

    Krav til offentleg kunngjering av ledig stilling

    Hovudregelen er at alle ledige stillingar i staten skal kunngjerast offentleg, om ikkje noko anna er fastsett i lov, forskrift eller sentral tariffavtale (statsansattelova § 4)

    Du treng ikkjelyse ut stillingar som er tidsavgrensa i inntil seks månader (administrative tilsettingar). Det same gjeld for tilsettingar inntil 12 månader dersom dette er fastsett i personalreglementet for verksemda.

    Føresetnaden for å bruke slike tilsettingar, er at du har fått eit behov som har oppstått brått og uføresett.

    Alle stillingar skal kunngjerast gjennom NAV. Elles kan verksemda lyse ut stillinga slik dei vil. I dag vel mange verksemder å annonsere digitalt og på sosiale media. Også her kan det vere nyttig å tenkje gjennom i kva for kanalar det er mest sannsynleg å treffe den målgruppa ein fyrst og fremst ynskjer å nå. Dette er ikkje nødvendigvis likt for alle stillingar.

    Meir om hovudkrava til utlysing av ledige stillingar i Statens personalhandbok 2.1.1.