Utveljing og intervju

Den mest vanlege forma for utveljing i rekrutteringsprosessen er intervju.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 20. okt 2019

Det er lett å la seg blende av eit førsteinntrykk, og det er lett å like kandidatar som har same kompetanse og forståing som ein sjølv. De er ein av grunnane til at det er lurt å vere meir enn ein som deltek i intervjuet.

Hugs at intervjusituasjonen er ein prosess der det er like viktig å gje kandidatane eit godt inntrykk av verksemda som det er å finne ut om kandidaten har dei kvalifikasjonane de har bruk for.

Vi tilrår at de nyttar strukturerte intervju der de stiller alle kandidatane dei same spørsmåla om kvalifikasjonar og bakgrunn. Slik oppnår de å få eit godt samanlikningsgrunnlag samstundes som de behandlar kandidatane likt. Det sikrar og at de vurderer kandidatane opp mot krava som er sett i kunngjeringa.

Køyr minst to runder med intervju. Hugs å gi tilbakemelding til dei som ikkje blir innkalla. Ei slik tilbakemelding kan til dømes vere at alle aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju i veke 34. 

Tips til en god intervjuform

  1. Set intervjuforma på førehand. Dette krev forarbeid. De bør bestemme dykk på førehand om de ønsker å nytte ulike testar, be om arbeidsprøver eller at kandidaten løyser case/arbeidsprøver anten heime før intervjuet eller under intervjuet.
  2. Gi kandidatane ei oversikt over strukturen i intervjuet og ein tidsplan for tilsettingsprosessen.
  3. Spør om krava som vert stilte i kunngjeringa.
  4. La gjerne alle intervjua følge same struktur slik at kandidatane vert likt vurdert.
  5. Hugs å styre tida slik at du faktisk får svar på det du treng å vite for å gjere eit val. Prate uformelt kan du gjere innleiingsvis for å lette stemninga og heilt på slutten.

Viktige faktorar du vil ha fram om kandidaten:

  • Utdanning og kunnskap
  • Ferdigheiter
  • Evner
  • Haldningar
  • Personlege eigenskapar

Referanseintervju

Ta berre kontakt med dei referansane som vert oppgitt og som er klarert. Snakk med fleire referansar. Nokon ønsker alltid å snakke med kandidaten sin noverande leiar, andre aksepterer at denne blir halden utanfor. Dette kan og vere avhengig av situasjonen.

Om de ønsker andre referansar enn kandidaten har gjeve dykk, så må kandidaten bli spurt om dette.

Spør referansane om dei konkrete krava og eigenskapane du meiner kandidaten må ha, og dei du ønsker at kandidaten skal ha.

Sett av nok tid til referansesamtalene. Det er og ein fordel om referanseintervjua følger ein fast struktur på same måte som intervjua. Slik kan du sikre deg at du ikkje berre nyttar referansesamtalen til å stadfeste dine eigne inntrykk, men og til å få fram annan relevant informasjon.