Hospitant i staten og Norden

Å vere hospitant kan føre til at kompetansen aukar både hos den hospiterande og verksemda sjølv.

Staten som arbeidsgivar ønsker at verksemder skal legge til rette for, og ikkje minst verdsette, intern mobilitet. Dette gjeld både internt i verksemda og mellom statlege verksemder. Hospitering er ei metode for å gjere tilsette betre i stand til å utføre meir komplekse oppgåver, samstundes som dei får meir spisskompetanse.

Som leiar er du ansvarleg for hospitanten under avtaleperioden.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga retningslinjer for hospitering (regjeringa.no).

Hospitering i Norden

Nordisk tenestemannsutveksling er eit tilbod for deg som vil hospitere i eit anna land i Norden. Difi administrerer ordninga for Nordisk ministerråd.

Formålet er å styrke samarbeidet mellom forvaltninga i dei nordiske landa. Som hospitant får du høve til å tenke nytt når det gjeld eige arbeidsfelt. Du kan arbeide ved ei statleg verksemd i Danmark, Finland, Færøyene, Grønland, Island, Norge, Sverige og Åland.

Søk stipend
Nordisk tenestemannsutveksling

Søknadar blir behandla fortløpande.

Kven kan delta?

Alle statstilsette i Norden er med i hospitantordninga.

Lengde på tenesta og stipend

I utvekslingsperioden får hospitanten eit stipend på 13.000 danske kroner per månad. Stipendperioden varer i utgangpunktet frå 14 dagar til seks månader.

Generelle vilkår og plikter

Søkarar til utvekslingsordninga må sjølv ordne tenesteopphald ved ei statleg verksemd i eit anna nordisk land. Utvekslinga treng ikkje vere gjensidig.
Søknaden må vere godkjend og underskriven av eigen arbeidsgjevar. Arbeidsgivaren plikter å betale lønn i utvekslingstida.

Dei som får utveksling, tek på seg arbeidsplikter og har teieplikt på same måte som tenestelandets eigne tilsette.

Økonomiske vilkår

Nordisk ministerråd finansierer hospitantordninga. Difi er ansvarleg for søknadsprosessen. Nordisk ministerråds stipend er 13.000 danske kroner per månad. Stipendet er fritatt for skatt og skal dekke utgifter til bustad og andre ekstra kostnadar. Reise til og frå tenestelandet blir dekka etter billigaste transportmåte.

Alle partane må vere kjende med dei økonomiske og generelle vilkåra og dei plikter som gjeld for søknaden.

Reiserekning

Utfylt reiserekning skal sendast Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), med ein gong etter fullført opphald.

Reiserekning (dfo.no)

Rapportering

Etter at utvekslinga er over, skal hospitanten gi rapport om erfaringa som ho eller han har fått. Hospitanten får tilsendt rapporteringsskjema etter opphaldet.

Se andre nordiske lands erfaringer med hospitanter

 

Publisert: 23. okt 2017, Sist endra: 20. feb 2018

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*