Hospitant i Norden (TJUT)

Mennesker som går og sykler over en bro

Å vere hospitant i eit anna nordisk land kan føre til at kompetansen aukar hjå medarbeidarar. Samstundes kan vere til stor nytte for verksemda.

Publisert: 23. okt 2017, Sist endra: 13. nov 2018

Hospitering er eit kompetanseutviklingstilak for å gjere tilsette betre i stand til å utføre komplekse oppgåver, og utvikle meir spisskompetanse. Gjennom kunnskap om korleis andre verksemder i Norden løyser samfunnsoppdraget, kan verksemda også få gode innspel til forbetring i eiga drift og forvaltning.

Dei som er hospitantar får nettverk og kontaktar i verksemdene.

Kven kan delta?

Nordisk tenestemannsutveksling (TJUT) er eit tilbod for statlege tilsette som vil hospitere i eit anna land i Norden. Formålet med ordninga er å styrke samarbeidet mellom forvaltninga i dei nordiske landa. Samstundes er det eit godt høve for å skaffe seg kunnskap om korleis forvaltninga i andre nordiske land jobbar med aktuelle tema som til døme digitalisering og omstilling.

Danmark, Finland, Færøyene, Grønland, Island, Norge, Sverige og Åland er alle med i Nordisk tenestemannsutveksling.

Nordisk ministerråd finansierer hospitantordninga , og Difi administrerer Nordisk tenestemannsutveksling for Nordisk ministerråd. Som arbeidsgivar kan du få støtte til korleis du kan motivere tilsette til å søkje utveksling hjå Difi. Difi er ansvarleg for søknadsprosessen for norske hospitantar. Søknadane vert handsama fortløpande.

Alle statstilsette i Norden kan søke på hospitantordninga.

Lengde på tenesta og stipend

Søkarar til utvekslingsordninga må sjølv ordne tenesteopphald ved ei statleg verksemd i eit anna nordisk land, og søknaden må vere godkjent og underskriven av deg som arbeidsgivar.

Utvekslinga treng ikkje å vere gjensidig.

Perioden kan vare frå 14 dagar til seks månader. Dersom tenesta varer i seks månader, kan det til dømes verte gitt kompensasjon for reisekostnadar til familiemedlemmar som flyttar med og nødvendig transport av personlege eigedeler.

Det er du som arbeidsgivar som har ansvaret for medarbeidaren i utvekslingsperioden. Den tilsette får med seg si løn, det vil seie at verksemda betalar løn etter avtale med arbeidsplassen i heimlandet. Nordisk ministerråd gir eit stipend på 13.000 danske kroner i utvekslingsperioden til bu- og opphaldskostnadar. Det kan også søkast om å få reisekostnadane dekka etter satsane til staten.

Rapportering

Etter at utvekslinga er over, skal hospitanten gi arbeidsgivar og Nordisk tenestemannsutveksling rapport om erfaringa som ho eller han har fått. Rapporten skal leverast tre veker etter at hospitanten har kome heim.

Meir informasjon for medarbeidarar som ønsker å søkje (Difi.no)

Kontaktperson i Noreg:

Difi ved Marte Dyve SImenstad
E-post: mmd@difi.no
Telefon: +4790641248

Last ned digital brosjyre fra Nordisk Ministeråd:

Sharethis