Handlar mobbing på arbeidsplassen om korleis «ein tar det»?

Bilde av teksten mobbing

Mobbing på arbeidsplassen er like skadeleg for alle som vert ramma. Det er ikkje avhengig av om du taklar det godt eller ikkje.

Publisert: 16. feb 2018, Sist endra: 31. okt 2018

Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) og Universitetet i Bergen (UIB) publiserte denne veka ein rapport der dei har undersøkt om det faktisk er slik at dei som «taklar» mobbinga og krenking opplever mindre angst enn dei som kjenner at dei ikkje klarar å forsvare seg mot krenkande handlingar som mobbing.

Forskarane la fram problemstillinga for 739 tilfeldig utvalde arbeidstakarar, som alle hadde vore utsett for gjentatte mobbehandlingar dei siste seks månadene på jobb.

Forsvar hjelper lite

Rapporten, som kan lesast på nettsidene til Stami, fann at personar som sjølv opplevde at dei kunne forsvara seg mot mobbing, rapporterte færre kjenneteikn på angst enn dei som opplevde at dei ikkje kunne forsvare seg.

Om dei same personane vart eksponerte for mykje mobbing, spelte det lita rolle om dei opplevde at dei klarte å forsvare seg eller ikkje. Høg grad av eksponering var like belastande for alle som vart mobba. Helseplaga som fylgde av mobbinga var den same.

Ansvaret til arbeidsgivar

Arbeidsgivarar har ansvaret for å sørgje for eit forsvarleg arbeidsmiljø som sikrar både den fysiske og den psykiske helsa til medarbeidarane. Arbeidsgivar skal også sjå til at verksemda har rutinar for varsling av trakassering og kritikkverdige tilhøve, og gjere dei kjende for medarbeidarane.

Heile rapporten på sida til Stami

Les også om kvifor Stami-direktør Pål Molander meiner at toppleiarar må sette arbeidsmiljøet høgast på agendaen.

Han eller ho som kjenner seg mobba, kan melde saka inn til Arbeidstilsynet om arbeidsgivar ikkje følger opp.

 

Sharethis