HR-rapportar

For å ta gode beslutningar i verksemda, bør du ha eit godt kunnskapsgrunnlag og oversikt over tilsette, kompetanse og løn.

Oversikt over tilsette fordelt på avdelingar, kompetanse og løn er ofte gode grunnlagsdokument når du til dømes skal drive omstillingsarbeid i verksemda.

HR-rapportar vert utarbeida i samband med lokale lønsforhandlingar, rapportering av sjukefråver og turnover. Om du jevnleg tek ut personaldata, kan du lage gode analysar over utviklingstrekk innan HR. 

Kom i gong med HR- rapporter

I tillegg til regelmessige rapportar innan løn og sjukefråvær, vil det vere nyttig for mange verksemder å utarbeide kunnskapsgrunnlag og analysar som gir oversikt over kompetansen som trengs framover. Dette gjeld ikkje minst under omstilling. Aktuelle spørsmål kan vere:

  • Kva er den avgjerande kompetansen i verksemda di no og i framtida?
  • Kva er turnover og demografi på den avgjerande kompetansen?
  • Kva utfordringar er det i arbeidsmarknaden på kompetanse de treng i dag og i framtida?

Bruk medarbeidarmålingar og evalueringar

Medarbeidarmålingar, til dømes medarbeidarundersøkingar, tar temperaturen på det indre liv i organisasjonen.

Her får du tal og analysar som bør koplast saman med andre HR-data. Dette er viktig styringsinformasjon, som seier mykje om utfordringsbiletet til verksemda. Til saman dannar dette eit godt grunnlag for avgjersler og tiltak for å utvikle organisasjonen og menneska i den.

HR-rapportar bør samanstillast med annan styringsinformasjon. Under ser du eit døme på korleis HR- data kan setjast saman med andre styringsparamenter i verksemda.

HR-analyser i en virksomhet
Virksomhetsmål Datakilde Data Analyse
Vi skal redusere risikoen for å miste nødvendig kompetanse HR-data/personelldata Turnover, sluttårsak 1. Hvem risikerer vi å miste?
    Medarbeiderdemografi (alder, kjønn, kompetanse) 2. Hva er de tre hyppigste sluttårsakene?
    Medarbeiderundersøkelse  
  Data fra ulike virksomhetsområder, som for eksempel økonomi og andre fagavdelinger Brukertilfredshet 3. Virksomhetens måloppnåelse
    Produktivitet og kvalitet 4. Virksomhetens omstillingsevne

 

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 20. aug 2018

Sharethis