Partanes roller og plikter

Gode resultat i IA-arbeidet vert skapte saman.

Eit inkluderande arbeidsliv fordrar eit tett samarbeid der alle partane kjenner til sine roller og følger opp oppgåvene dei er forplikta til å gjere.

Leiaransvar, medbestemming og medverknad

Den nye IA-avtalen understrekar at det er naudsynt med ei solid leiingsforankring i verksemdene. Partane lokalt er også forplikta til aktiv medverknad i IA-arbeidet.

Medbestemming og medverknad er viktig for verksemdene i staten. På sentralt nivå vil Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), som sentral arbeidsgivar, og hovudsamanslutningane for dei tilsette, vere pådrivarar i prosessen.

Avtalen er likevel tydeleg på at måla berre kan nåast i verksemdene. Dette legg eit stort ansvar på den lokale leiinga, dei tillitsvalde og alle tilsette.

Rolla til arbeidsgivar

Du som arbeidsgivar har eit særleg ansvar for å følge opp IA-avtalen og arbeidet slik at verksemdene kan nå målet om mangfald i staten.

Som arbeidsgivar skal du mellom anna sørge for samarbeid og tett dialog med tillitsvalde, verneombod og resten av dei tilsette. Erfaringane frå tidlegare periodar med IA-avtalar tilseier at det å forankre arbeidet godt i leiinga er naudsynt for å få god systematisk oppfølging og konkrete resultat. God forankring berre i personal- og administrasjonsavdelingar og innsats frå eldsjeler er viktig, men det har vist seg at det ikkje er nok.

Rolla til dei tillitsvalde

Dei tillitsvalde har eit ansvar for å bidra til å implementere og følge opp måla i IA-avtalen. Dette står nedfelt i medbestemmingsordninga i Hovudavtalen, og rolla til dei tillitsvalde er skissert i IA-avtalen. For å sikre at IA-arbeidet lukkast, er tillitsvalde inkludert og forplikta til å delta og bidra aktivt i prosessen.

Vernetenesta

Det følger av arbeidsmiljølovens reglar og IA-avtalen at verneombodet og Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har sentrale roller i arbeidet med eit inkluderande arbeidsliv.

Tilsette

Arbeidstakarane skal delta aktivt i arbeidet med HMS og IA lokalt. Dei skal mellom anna opplyse om eige sjukefråvær har samanheng med arbeidssituasjonen, dei skal informere om eiga funksjonsevne og vere med i å utarbeide oppfølgingsplan og tiltak ved eige sjukefråvær.

Publisert: 18. des 2017, Sist endra: 29. des 2017

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*