Lærlingar som strategi

Regjeringa vil at statlege verksemder skal ha minst ein lærling i verksemda.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 20. aug 2018
Statsministeren med lærling
 

Statsminister Erna Solberg vil ha fleire lærlingar i staten. Her med lærling Amina Shazad og Tor-Åge Brekkvassmo, daglig leiar i OK stat. Foto: OK stat

Staten treng ny kompetanse. Samstundes treng stadig fleire ungdomar lærlingplass.

Strategi som forpliktar

Regjeringa har laga ein strategi for at staten skal teke meir ansvar for å skaffe lærlingplassar.

Statlege verksemder pliktar å auke kor mange lærlingar de tek inn. Og regjeringa utfordrar deg som leiar til å tenke nytt overfor denne gruppa arbeidstakarar.

I den nye strategien krev regjeringa at alle statlege verksemder skal ha minst ein lærling.

Strategi for å auke kor mange lærlingar i staten (regjeringa.no)

Må vere medlem av eit opplæringskontor

For å styrke rekrutteringa av lærlingar, skal statlege verksemder vere knytt til OK stat eller vere medlem av eit anna opplæringskontor.

For å sikre drifta til OK stat, skal statlege verksemder bidra til å finansiere dette. Opplæringskontoret får omtrent ei tredel av lærlingtilskotet.

Som statleg arbeidsgivar finn du alt du treng å vite om lærlingar på OK stats sider på Arbeidsgivarportalen.

Du kan også kontakte OK stat: okstat@difi.no

Nå kan du søkje om å verte årets lærebedrift:

Sjå kva slags grep prisvinnaren frå 2017, Universitetet i Bergen, har gjort på lærlingfeltet.

 

 

Sharethis