Lærlingar som strategi
Regjeringa vil at statlege verksemder skal ha minst ein lærling i verksemda.
Staten treng ny kompetanse. Samstundes treng stadig fleire ungdomar lærlingplass.
Strategi som forpliktar
Regjeringa har laga ein strategi for at staten skal teke meir ansvar for å skaffe lærlingplassar.
Statlege verksemder pliktar å auke kor mange lærlingar de tek inn. Og regjeringa utfordrar deg som leiar til å tenke nytt overfor denne gruppa arbeidstakarar.
I strategien krev regjeringa at alle statlege verksemder skal ha minst ein lærling.
Strategi for å auke kor mange lærlingar i staten (regjeringa.no)
Må vere medlem av eit opplæringskontor
For å styrke rekrutteringa av lærlingar, skal statlege verksemder vere knytt til Opplæringskontoret for statlege verksemder - OK stat eller vere medlem av eit anna opplæringskontor.
For å sikre drifta til OK stat, skal statlege verksemder bidra til å finansiere dette. Opplæringskontoret får omtrent ei tredel av lærlingtilskotet.
Som statleg arbeidsgivar finn du alt du treng å vite om lærlingar på sidene til OK stat på Arbeidsgivarportalen.
Du kan også kontakte OK stat: okstat@dfo.no
Sjå kva slags grep prisvinnaren frå 2017, Universitetet i Bergen, har gjort på lærlingfeltet.