Statens arbeidsgivarstrategi

Statens arbeidsgivarstrategi 2016 - 2020 er ein ambisiøs strategi for å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor.

Statens arbeidsgivarstrategi gjeld for alle arbeidsgivarar i staten, lokalt og sentralt. Strategien gir retning og seier noko om kva statlege arbeidsgivarar skal prioritere framover.

Strategien tek utgangspunkt i samfunnsoppdraget, og etablerer verdigrunnlag for arbeidsgivarpolitikken i staten.

Arbeidsgiverstrategi 2016-2020 (regjeringen.no)

Noreg vert rangert bland dei beste i Verdsbankens liste over effektivitet i forvaltninga (Governance Effectiveness).

Noreg er

nummer 4 i verda i effektiv forvaltning

Figuren over viser kor effektiv den offentlege forvaltninga er i Noreg når Verdsbanken målte effektiviteten i forvaltninga i 2014.

Noreg kjem på ein fjerde plass for indikatoren effektivitet med en skår på 96,3.

Vi viser berre landa frå Vest-, Nord- og Sør-Europa i denne figuren. Se meir om indikatorane og skåra til fleire av landa på Verdsbankens nettsider

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 28. Mai 2018

Sharethis

Nyhende