Hospitant i Norden (NORUT)

Å vere hospitant i eit anna nordisk land kan auke kompetansenr hjå medarbeidarar og tilføre verksemda di ny kunnskap.
Til deg som ønsker å søke
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) administrerer NORUT for Nordisk ministerråd, og kan hjelpe til med søknader frå deg som vil søke. Søknadar blir behandla fortlaupande.
Kven kan delta?
Alle statstilsette kan søke om å få hospitere i i eit nordisk land.
Generelle vilkår og plikter som hospitant i Norden
Søkarar til utvekslingsordninga må sjølv ordne tenesteopphald i ei statleg verksemd i eit anna nordisk land. Søknaden må vere godkjent og underskriven av arbeidsgivaren din.
Verksemda du er tilsett i her i Noreg, betalar løna di i utvekslinga. Arbeidsgivar har og ansvar for forsikring.
Lengde på tenesta og stipend
Som hospitant får du eit stipend på 14 000 danske kronar kvar månad. Stipendperioden varar frå 14 dagar til seks månader.
Søk stipend frå Nordisk ministerråd
Reise til og fra tenestelandet dekkast etter billigaste transportmåte. Du må levere reiserekning til DFØ med ein gong du kjem heim etter opphaldet.
Reiserekning og utgiftsrefusjon for tilsette
Rapportering etter hospiteringa
Når du er ferdig med hospitantperioden, skal du lage ein rapport om erfaringane du har gjort. Svarfrist er tre veker etter at du kjem heim. Vi sender deg eit rapporteringsskjema.
Søknadsskjema og rapportskjema
Hospitering er eit kompetanseutviklingstilak som skal gi tilsette i staten spisskompetanse og gjere dei betre til å utføre komplekse oppgåve.
Hospitantar får nettverk og kontaktar i andre nordiske verksemder, og kan gi verksemda heime gode innspel til forbetring i eiga drift og forvaltning.
Kven kan delta?
Nordisk utvekslingsordning (NORUT) skifta namn frå Nordisk tenestemannsutveksling (TJUT) i 2021. NORUT er eit tilbod for statlege tilsette som vil hospitere i eit anna land i Norden. Formålet med ordninga er å styrke samarbeidet mellom forvaltninga i dei nordiske landa. Samstundes er det eit godt høve for å skaffe verksemda kunnskap om korleis forvaltninga i andre nordiske land jobbar med aktuelle tema som til dømes digitalisering og omstilling.
Danmark, Finland, Færøyene, Grønland, Island, Norge, Sverige og Åland er alle med i NORUT.
Nordisk ministerråd finansierer hospitantordninga , og DFØ administrerer Nordisk utvekslingsordning for ministerrådet. Som arbeidsgivar kan vi gi deg støtte til korleis du kan motivere tilsette til å søkje utveksling. DFØ har ansvar for søknadsprosessen for norske hospitantar. Søknadane vert behandla fortløpande.
Lengde på tenesta og stipend
Alle statstilsette i Norden kan søke på hospitantordninga. Søkararen må sjølv ordne tenesteopphald ved ei statleg verksemd i eit anna nordisk land, og søknaden må vere godkjent og underskriven av deg som arbeidsgivar.
Utvekslinga treng ikkje å vere gjensidig.
Hospitantperioden kan vare frå 14 dagar til seks månader. Dersom tenesta varer i seks månader, kan det gis kompensasjon for reisekostnadar til familiemedlemmar som flyttar med, og til transport av personlege eigedeler.
Det er du som arbeidsgivar som har ansvaret for medarbeidaren i utvekslingsperioden. Den tilsette får med seg si løn, det vil seie at verksemda betalar løn etter avtale med arbeidsplassen i heimlandet. Nordisk ministerråd gir eit stipend på 14.000 danske kroner per måned under utvekslinga til bu- og opphaldskostnadar. Det kan og søkast om å få reisekostnadane dekka etter satsane til staten. Søknadskjema finn du nedst på sida.
Rapportering
Etter at utvekslinga er over, skal hospitanten gi arbeidsgivar og Nordisk utveklingsordning rapport om erfaringa som ho eller han har fått. Rapporten skal leverast tre veker etter at hospitanten har kome heim.
Kontaktperson i Noreg:
Gunn Ramona Åsdahl, DFØ
E-post: gunnramona.asdahl@dfo.no
Telefon: +47 926 55 962