Lønsfastsetjing

Den lokale lønspolitkken skal ligge til grunn for lønsfastsetjing. Bruk politikken aktivt til å understøtte måloppnåinga for verksemda di.

Løn er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å rekruttere og halde fast på dyktige medarbeidarar.

Det er viktig med kunnskap og informasjon om korleis arbeidsmarknaden ser ut for kompetansen som du er interessert i å rekruttere.

Vidare er det også viktig å ha oversikt over turnover og andre personaldata som viser utvikling som kan ha konsekvensar for leveransane i verksemda. Bruk desse oversiktane aktivt i arbeidet med lønsfastsetjing. Som arbeidsgjevar har du handlingsrom til å påvirke lønsutviklinga i di verksemd.

HR-rapportar
Ei oversikt over tilsette, løn og kompetanse

Gjennomsnittlig månedslønn for kvinner og menn i ulike sektorer (Statistisk sentralbyrå)

Lønsfastsetjing for medarbeidarar

Den lokale lønspolitikken er utgangspunktet for lønsfastsetjing.

Som leiar har du ansvar for å gjere deg kjent med lønspolitikken  i verksemda. Når du skal lyse ut ei ledig stilling skal løna for stillinga drøftast før kunngjering. Det er arbeidsgjevar som tek den endelege avgjerda.

Nytilsette kan få løna vurdert etter prøvetida.

Relevante lenker når du skal fastsetje løn er:

HTA § 3 Innplassering og opprykk

HTA § 4 Beregning av ansiennitet ved tilsetting

HTA § 5 Godskrivingsregler

Lønnsplan LO, YS og Unio

Lønnsplan Akademikerne

Årlige lokale lønnsforhandlinger
 
Lønsforhandlingar på særlige grunnlag
 

Leiarløn

Leiarlønsordninga i staten er utvikla for å skape god samanheng mellom resultat og løn. Ordninga gjeld i hovedsak for toppleiarar i staten.

Det er Kommunal og moderniseringsdepartementet som forvaltar systemet, og fagdepartementa vurdere sjølve om dei ynskjer å ta i bruk ordninga.

Les meir om leiarløn her  (regjeringen.no)

 

 

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 06. jan 2018

Sharethis