Sjekkliste for evaluering av partssamarbeidet

Tre personer diskuterer rundt et bord
Foto: Difi

Januar er månaden kor mange arbeidsgivarar og tillitsvalde evaluerer partssamarbeidet. Samarbeid og medråderett er viktig for utvikling av verksemda og medarbeidarane.

Publisert: 14. jan 2019, Sist endra: 18. jan 2019

Gjennom evaluering av samarbeidet kan de kan identifisere tiltak for forbetringar, og samstundes sørgje for at det gode samarbeidet held fram.

Ved å gå gjennom lista under kan partane enkelt kartlegge kva som kan forbetrast og kva som fungerer godt.

Evaluering av partssamarbeidet - sjekkliste
Evaluering av ramma rundt partssamarbeidet+/-
Vi har god kjennskap til aktuelt lov-og avtaleverk 
Vi har faste, avtala møtetidspunkt (eit årshjul). 
Vi har ei god sakliste. 
Vi mottek møtepapir i tilstrekkeleg tid på førehand. 
Vi får møtepapir med godt førebudde vedlegg. 
Vi har avklart fullmaktene og kven som skal delta på møte. 
Vi handterer ad hoc-saker som måtte komme. 
Vi bruker sjekklister og vurderingsskjema til å behandle saker. 
Vi evaluerer samarbeidet. 
Vi jobbar systematisk med å forbetre samarbeidet. 
Evaluering av samhandling mellom partane:+/-
Vi er opptekne av å bygge godt samarbeid. 
Vi jobbar målretta, strukturert og systematisk. 
Vi handterer usemje på en god måte. 
Vi forstår og respekterer kvarandre sine roller. 
Vi har ein open og ærleg kommunikasjon. 
Vi skil sak og person i våre diskusjonar. 
Vi er grunnleggande løysingsorienterte. 
Vi stiller oss bak avgjerder som vert tatt. 
Vi møter godt forberedt til møte. 

Sjekklista er frå Difi sitt nettkurs for HR og leiarar - «Samarbeid og medbestemmelse».