No kan du søkje ekstra tilskot til lærlingar

Fleire fylkeskommune lyser no ut ekstra tilskot retta mot lærlingordninga. Tilskotet skal bidra til at fleire får læreplass, og hindre at lærlingar og lærekandidatar mistar læreplassen grunna pandemien.  

Pandemien har gjort at færre lærlingar får læreplass. For å å gi verksemder ein sjanse til å ta inn ein eller fleire lærlingar, lyser fylkeskommune ut tilskot til verksemdene.  

Alle verksemder, og statlege, kan søkje tilskot. 

Tilskota fordel seg slik: 

  • Tilskot til lærebedrifter om verksemda tek inn ein ekstra lærling/lærekandidat 
  • Tilskot til nye lærebedrifter 
  • Økt tilskot til lærefag der det er mange permitterte  
  • Stimuleringsmidlar til godkjentde lærebedrifter som tek over lærlingar frå andre  
  • Forlenging av lære- og opplæringskontrakter  

Fylkesdirektørane opnar og for søknadar om andre tiltak som kan bidra til at lærlingen/lærekandidaten får fullført opplæringa si. Midlane blir utbetalt som eit eingongsbeløp. 

Søknadsfristane er ulike frå fylke til fylke. Kontakt avdelinga for fag- og yrkesopplæring i ditt fylke for frist og kva for tilskot som gjeld for lærlingen di. 

 OK stat hjelper statlege verksemder med å søke om tilskot, rekruttering av lærlingar og prosessen med å bli godkjend lærebedrift. Det ekstraordinære tilskotet går til verksemda.

Det er no særskild behov for læreplassar innan IKT service-faget og mediegrafikarfaget.

 

Publisert: 3. september 2020 Oppdatert: 2. november 2021

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.