Arbeidsgjevarrådet januar 2021

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 22. januar 2021. Fylgjande saker sto på dagsorden:

Publisert: 11. feb 2021, Sist endra: 11. feb 2021
  • Orienteringssaker frå departementet. KMD orienterte om status for arbeidet med hovudavtalen, andre særavtalar, lønsoppgjeret 2021, toppleiarkonferansen 2021 og resultat frå arbeidsgjevarbarometeret.          
  • Kompetanseområde i arbeidsgjevarstrategien. DFØ har i tildelingsbrevet for 2021 fått i oppdrag å kartlegge kompetansebehov i forvaltninga. Arbeidsgjevarrådet kom med innspel til kartlegginga
  • Arbeidsgjevarrolla i arbeidsgjevarstrategien. Rådet var oppteken av tilbod til nye toppleiarar, opplæring i arbeidsgjevarrolla og dialogen om arbeidsgjevartema mellom departement og underliggjande verksemd.
  • Arbeidsgjevarpolitiske problemstillingar som fylgje av koronasituasjonen. Rådet delte erfaringar med heimekontor, og vurderte fordelar og ulemper.

Neste møte i rådet vert 12. mars.