Fjernleiing

Fjernleiing er vanleg og vert stadig meir nytta. Leiingsforma set særskilte krav til planlegging, bruk av teknologi og kommunikasjon. Elles gjeld dei same råda som til leiing på same tenestestad.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 07. des 2018

Som fjernleiar må du vere merksam på kva utfordringar og moglegheiter som byr seg i ein kontekst med geografisk avstand. På den eine sida gir det høve for å utvikle innovative, sjølvstendige og sjølvleiiande medarbeidarar. På den andre sida kan det vere ein risiko for at du kjem for seint inn i saker som krev oppfølging frå deg som leiar.

Difi presenterer gode råd til fjernleiing

Fjernleiing - ein presentasjon for leiarar om korleis følge opp medarbeidarar på dagleg basis (ppt)

Tips til ein god fjernleiar

  • Sørg for at alle får same informasjon. Legg til rette for at alle får same informasjon så samtidig som mogleg. Slik kan du hindre at det oppstår rykte i organisasjonen som gjer medarbeidarane usikre.
  • Ha ein open dør-politikk også virtuelt. Ha takhøgde for tilbakemeldingar.
  • Vis tillit. Medarbeidarar som er i stand til å leie seg sjølve må få høve til dette. Merk at behov er ulike frå medarbeidar til medarbeidar.
  • Sørg for å ha gode videomøterutinar. Ha ein klar agenda og følg den. Sjekk undervegs i møtet at alle oppfattar innhaldet. Legg inn tid til uformell oppstart og tydeleg oppsummering av møtepunktene til slutt.
  • Felles kultur vert ikkje til gjennom vedtak. Som leiar skal du ta ansvar for å utvikle ein kultur som støtte opp om felles mål. 

Høyr fagdirektør Stian Norli i Arkivverket snakke om sine fyrste utfordringar med utvida fjernleiing

Oljedirektoratet fortel om korleis dei utvikla gode videomøte

Har du gode erfaringar med fjernleiing? Del dei gjerne i Erfaringsrommet.

 

Sharethis