Permisjonar

Det er ulike permisjonsordningar i staten. I oversikta under finn du dei som står omtala i Statens personalhandbok.

Nytt fra 1. januar 2024:

Det er ulike permisjonsordningar  for statstilsette. Nokre har heimel i lov og andre finns i tariffavtaler.  Heimel for permisjonen avgjer kva slags handlingsrom arbeidsgivar har i det einskilde høvet. Det er lurt av arbeidsgivar å ha ein konsistent personalpolitikk for permisjonar. 

Arbeidstakarar kan få permisjon med løn, delvis løn og utan løn. I staten har vi ein avtale om kva slags permisjonar utan løn og anna førebels fråvær som gjer deg pensjonsgivande tenestetid.

Dei fleste søknadar om redusert arbeidstid, blir rekna som permisjonar, og er beskrivne i Statens personalhandbok:

Vanlege permisjonar

Foreldrepermisjon

Arbeidsmiljølova gir arbeidstakarar generelt rett til fri til dømes ved svangerskap, fødsel og adopsjon (arbeidsmiljølova §§ 12-1 til 12-9). 

For å ha rett til permisjon med løn må den tilsette ha vore i arbeid seks av dei ti siste månadene (folketrygdloven).

Foreldrepermisjon med 100 prosent lønn er 49 veker. Foreldrepermisjon med 80 prosent lønn er 59 veker. 

Fordeling av foreldrepengeperioden

Foreldrepengeperioden består av ei mødrekvote på 15 veker, (dei første seks vekene må takast rett etter fødsel), ei fedrekvote på 15 veker, ei periode på tre veker før termin til mor og ein fellesperiode på 16 veker (totalt 49 veker).

Om ein har vald 80 prosent dekningsgrad (låg sats) består foreldrepengeperioden av ei mødrekvote på 19 veker (dei første seks vekene må takast rett etter fødsel), ei fedrekvote på 19 veker, ein periode på 3 veker før termin til mor og ein fellesperiode på 18 veker (totalt 59 veker)

Om kvinna føder etter termindato, vil vert dagane frå termin fram til fødselen trekt frå fellesperioden. Resten av fellesperioden kan delast fritt.

Ammepermisjon

Ein statstilsett, som jobbar ein heil arbeidsdag, har rett på inntil to timar fri med løn kvar dag for å amme barnet sitt (HTA fellesbestemmelsene § 19-4). Statstilsette, som arbeider mellom 2/3 og ein heil arbeidsdag, og ammer barn, har rett på ein time til amming med full lønn.

Retten til betalt ammepermisjon gjeld til barnet fyller to år.

Delvis permisjon

Delvis permisjon gir småbarnsforeldre høve til å kombinere gradert uttak av foreldrepengar med deltidsarbeid. 

Når arbeidstakaren ikkje tek ut permisjon på heiltid, vert permisjonstida lengre. Foreldrepengane vert mindre og betala ut over lengre tid. Totalsummen vert likevel den same, anten arbeidstakar vel delvis permisjon eller vanleg permisjon. Delvis permisjon kan avtalast for maksimum tre år.

Arbeidstakarar som har rett til foreldrepengar, har i utgangspunktet rett til delvis permisjon.

Permisjon ved etter- og vidareutdanning

Særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og vidareutdanning, kurs mv gir blant anna moglegheit for utdanningspermisjon til statstilsette som etter ei tid ønskjer seg meir utdanning. Målet er å styrke kompetanse og møte behova den einskilde tilsette har i ei tid med til dømes omstilling.

Arbeidsgivar og arbeidstakar må lage ein individuell avtale om etter- og vidareutdanning etter Særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og vidareutdanning, kurs mv.  Dei ulike verksemdene kan og ha sine eigne ordningar for tilsette når det gjeld etter- og vidareutdanning innanfor rammene av særavtalane.

Dei viktigaste ordningane:

Permisjon for etter -og vidareutdanning med full løn kan verte innvilga for inntil eitt år (særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og vidareutdanning, kurs mv § 2)

Permisjon for etter -og vidareutdanning med delvis løn kan verte innvilga for inntil eitt år når utdanninga har mindre eller liten tyding for verksemda (særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og vidareutdanning, kurs og anna., § 3 ).

Utdanningsstipend:  Arbeidstakar kan få stipend til etter- og vidareutdanning om verksemda meiner utdanninga er til nytte for verksemda. Enkelte departement og verksemder har eigne stipendordningar (særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og vidareutdanning, kurs mv., § 4).

I tillegg til desse avtalane gjeld til dømes følgjande ordningar:

Kor mange  eksamens- og lesedagar den tilsette skal ha, må avtalast mellom arbeidsgivar og arbeidstakar før studia tar til. I avtalen skal det og stå på kva tidspunkt arbeidstakar skal vere borte frå arbeidet. Lesedagane skal  nyttast direkte opp mot eksamen (særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter og vidareutdanning, kurs mv §§1 og 10 )

  • Ein statstilsett har rett på eksamens- og lesedagar med løn for studiar som gir studiepoeng.  Retten er knytt til kor mange studiepoeng studiet gir, ikkje lengda på studiet.
  • I samband med eksamen, har arbeidstakar rett til ein lesedag per to studiepoeng. Maks tal på lesedagar totalt er likevel 21 sjølv om arbeidstakar til dømes tek 60 studiepoeng på eitt år.
  • Om utdanninga har liten eller inga tyding for verksemda, har den tilsette rett på inntil sju eksamen- eller lesedagar med løn, rekna ut frå studiepoeng.
  • Om utdanninga reknast som nyttig for verksemda eller for stillinga eller kompetansen til arbeidstakaren, har han eller ho rett på permisjon med løn i til saman 21 lese- og eksamensdagar i løpet av et studieår.

Anna du bør vere oppmerksam på:

Studieår:
Hovudregelen er at eit studieår går, anten frå januar til desember, eller frå august til juni. Eit studieår skal etter avtalen ikkje overstige 12 månader. (særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og vidareutdanning, kurs mv § 10, kommentaren til departementet nr 4).

Pliktteneste
Arbeidsgivar og arbeidstakar kan inngå ein avtale om pliktteneste ved permisjonar med heil eller delvis løn, og der arbeidstakar får dekka utdanningsutgifter og/eller stipend (Statens personalhandbok 9.11.9)

Kompetanseutvikling i samband med omstilling
Særavtale om bruk av verkemiddel ved omstillingar i staten, punkt 13 er og aktuell å nytte for etter- og vidareutdanning.

Studiereiser til utlandet  (Statens personalhandbok 10.8.3.2)

Velferdspermisjon

Velferdspermisjonar med lønn vert i stor grad fastsett av dei einskilde verksemdene. Statens personalhandbok gir verksemda stor fridom i å leggje til rette på eit vis som vert tilpassa verksemda sjølv.

Hovudtariffavtalen § 22 seier at arbeidstakarar kan få inntil 12 dagar permisjon om det er viktige velferds- eller omsorgsgrunnar for det.

Religiøse høgtider

Arbeidstakarar som ikkje er ein del av Den norske kyrkje, får to fridagar for å feire religiøs høgtid. Nasjonaldagar er ikkje rekna med i desse dagane.

Mobilitetspermisjon

Staten som arbeidsgivar ønskjer at dei tilsette skal få høve til å hospitere innanfor eiga verksemd, i andre statlege verksemder eller i andre nordiske land.

Retningslinjer for intern mobilitet i staten er utarbeida av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) ved Arbeidsgivarpolitisk avdeling.

Om mobilitetsordningane i Statens personalhåndbok

Hospitantordninga i Norden

Militære permisjonar

Militærteneste

Ein arbeidstakar som har vore tilsett 100 prosent i staten i seks månader, får delvis eller full lønn når han eller ho har militærteneste, teneste i sivilforsvaret eller pliktig teneste i politiet.

Ein arbeidstakar utan forsørgaransvar får 1/3 av den sivile lønna under fyrstegongsteneste. Har arbeidstakaren forsørgaransvar får han eller ho full lønn.

Varer tenesta meir enn ei veke, vert det gjort frådrag i den sivila lønna for tenestetillegg. Om arbeidstakaren har full lønn, vert han eller ho trekt for forsørgartillegg og butillegg.

Det er ei rekke andre ordningar knytt til militære permisjonar.

Militære permisjonar (Statens personalhandbok 10.8.4)

Permisjonar knytt til om du skal følgje med ektefelle eller sambuar
Permisjonar heimla i lov
  • Arbeidsmiljølova gir arbeidstakarar rett til arbeidsfri gjennom ulike permisjonar (aml § 12). Loven seier at arbeidstakar har rett til fri, men ikkje om arbeidsgivar skal betale løn i permisjonstida.
  • Folketrygdloven  skal gi økonomisk tryggleik ved å sikre inntekt og kompensere for særlege utgifter knytt til mellom anna svangerskap og fødsel.
  • Løn i permisjonar for svangerskap, fødsel, adopsjon, omsorg for sjukt barn, pleie av nærståande, velferdspermisjon og yrkesskade er avtala i HTA, fellesføresegnene § 11
  • Arbeidstakar kan ha rett til å få redusert arbeidstida si om reduksjonen kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for verksemda (aml §10-2.4). Dette gjeld arbeidstakarar:
    - som har fylt 62 år
    - som av helse- sosiale eller velferdgrunnar har behov for det

 

Oppdatert: 20. desember 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.