Rekruttering handlar ikkje berre om å finne rett person til jobben. Om rekrutteringsprosessen blir profesjonelt og godt gjennomført bidreg det og til god profilering av verksemda. Prosessen handlar både om framdrifta i prosessen og om måten søkjarane opplever at dei blir møtte.

Publisert: 20. okt 2017, Sist endra: 20. okt 2019

Difor er det viktig å planleggje prosessen godt og setje av tid i kalenderen slik at du er tilgjengeleg for kandidatane under vegs. Intervjua bør gjennomførast så snøgt som råd etter søknadsfristen, og innstillinga bør skrivast og behandlast snøgt etter at intervjua er gjennomført.

På desse sidene finn du informasjon og råd for å kunne gjennomføre ein god rekrutteringsprosess.